Bærekraftig reiseliv

 Suldal har fått innvilga søknad for merkeordninga Bærekraftig Reiseliv hjå Innovasjon Norge. Dette er starten på eit arbeid for at Suldal skal bli ein bærekraftig destinasjon. Merket byggjer på ein standard som set tydelege krav til reisemålets evne til bærekraftig verksemd og utvikling. Merkeordninga er eit tilbod til norske reisemål som ynskjer å ta eit ansvar for reiselivets negative verknadar.