Bærekraftig reisemålsutvikling, Suldal kommune

 Norsk reiseliv hadde i 2016 eit rekord år, og ein ser at reiselivsnæringa i Suldal er ein del av den globale turistnæringa med betydeleg internasjonal trafikk. Dette inneber både muligheiter og utfordringar. For at reiselivsnæringa i Suldal og Ryfylke skal vere konkurransekraftig må ein følgje med på trendane i utviklinga, bærekraft er ein av desse trendane, Suldal kommune tek ansvar og har gjort fylgjande vedtak_ Berekraftig reisemålsutvikling_vedtak_Suldal kommune . 


Innovasjon Norge har lansert ei merkeordning for Bærekraftig Reisemålsutvikling.  I utviklingsavtalen med Suldal kommune har Suldal Vekst i oppdrag å arbeide med reisemålsutvikling, me meinar at ordninga til Innovasjon Norge vil vere eit framtidsretta og strategisk godt verktøy for å styrkje reiselivsnæringa og kommunen sitt arbeid med reisemålsutvikling. I same ordninga vil ein kunne innfri måla som Suldal kommune har satt i kommuneplanen om utvikling av besøksnæringane og reiselivsplan for Ryfylke.

Det har vore gjennomført fleire informasjonsmøte om Berekraftig Reisemålsutvikling bl.a. møte med Suldal kommune og Suldal Næringsforening  7. oktober, orientering i frå Lysefjorden utvikling og temamøte reiseliv 17.oktober med orientering i frå Geilo. Geilo er godkjent som berekraftig reisemål og Lysefjorden er i gang med sitt arbeid. Berekraftig Reisemål som Suldal Vekst si tilnærming til å arbeide med strategisk reisemålsutvikling var også eit tema i Suldal Vekst sitt halvårlege dialogmøte med formannskapet hausten 2016.

Suldal er allereie registrert og «godkjent» som potensiell søkjar hjå Innovasjon Norge, og det er bekrefta at Suldal kan starte arbeidet med merkeordninga. Ein godkjent rettleiar for arbeidet er engasjert for å kunne bistå i arbeidet. For å kunne komme eit skritt vidare jobbar ein no med å etablere ei referansegruppe for arbeidet.

Bli med for å utvikle reiselivet i eit berekraftig perspektiv med ambisjonen om å oppnå merket for Bærekraftig Reisemål.