Kva er Læring i Næring?

Ungdom, det året dei går i 9.klasse, får moglegheit til å søkja praksisplass i ulike lokale bedrifter. Læring i Næring skal vera eit tillegg til den yrkesrettleiinga som vert gitt i skulen. Opplegget er frittståande frå skulen, praksis skjer på fritida. Bedriftene i Læring i Næring gir ungdomane ein sjans til å ”prøva ut” enkelte fagområde, få arbeidserfaring, knyta kontaktar mot framtidig arbeid, og kanskje bli så interesserte og motiverte at dei vel å ta ei vidaregåande utdanning innan det dei har fått  praksis i. Ei målsetting er langsiktig rekruttering til lokale bedrifter.

Kva oppnår mi bedrift med å vera med?

-Positivt omdøme i lokalsamfunnet, marknadsføring av eiga bedrift
-Interesse for faget
– Nettverk
– Påverknad i yrkesval m.m. blant ungdomane
– Stabil og dyktig arbeidskraft/rekruttering på lang sikt

Læring i næring vert organisert/tilrettelagt gjennom Hovudkontoret for Entreprenørskap i Suldal.

Korleis?

1. Hovudkontoret legg til rette for at de kjem i kontakt med ungdomane, gjennom ei bedriftsorientering på skulen i august/september.
2. Bedrifta inviterer til bedriftsbesøk for interesserte ungdomar
3. Vidare inviterer de til skriftleg jobbsøknad.
4. De har intervju med aktuelle søkjarar og
5. Tilset den eller dei de ser som interessante,  og gjer tilbakemelding til dei som dessverre ikkje fekk muligheita denne gong.

Bedrifta er arbeidsgjevar for ungdomen i Læring i næring. I det dykk har tilsett ein ungdom har de ansvar for vidare kontakt med ungdomen, arbeidsavtalar, forsikring, lønn m.m(Lønn er f.t. kr 80,- per time.). Eleven/arbeidstakaren føljer eles arbeidsregulativa i ansatt bedrift. Det er også de som avsluttar arbeidsforholdet seinast i utgongen av mai månad.

Det er bedrifta som gjennom avtale med ungdomen bestemmer kor mykje han/ho skal få av praksis. I utgangspunktet er det eit minimum på 37,5 timar og at desse arbeidstimane blir lagt til ungdomen sine fridagar/feriar.
De står fritt i forhold til kva avtale de gjer med ungdomane. Eit arbeidsforhold kan også avsluttast når som helst viss det ikkje tener hensikta med Læring i Næring.
Me ynskjer mest muleg realistisk opplegg mot elevane som ein elles legg opp til ved ein tilsetjing i arbeidslivet. Dette er ei viktig erfaring for 14- 15 åringane tar med seg vidare.

Hovudkontoret bidrar med:

1. Mal for stillingsannonse
2. Standard arbeidsavtale
3. Mal for attest til ungdomane
4. Forskrifter for arbeid av barn og unge
5. Rettleiing for yrkesskadeforsikring
6. Mal for evalueringsskjema
7. Erfaringsdeling ved ulike problemstillingar
8. Mal for svarbrev til søkjarar
Læring i Næring er ein del av satsinga Entreprenørskap i Suldal.
Denne satsinga har som mål å få barn og unge til å sjå moglegheiter og utnytta dei. Vi arbeider ut i frå det utvida entreprenørskapsomgrepet som handlar om haldningar, personlege eigenskapar, ressursforståing, lokalsamfunnskunnskap og handlingskompetanse.
Vi har tiltak for barn og unge både i og utanfor skulen.
Hovudkontor for Ungt  Entreprenørskap i Suldal

Marit Larsen, Telefon 52 79 06 13/Mobil 906 84 861, E-post marit@suldalvekst.no
Konrad Jårvik , Telefon 976 59 162, E-post konrad@suldalvekst.no