Sommarjobb på Suldal Turistkontor og Laksestudio

 Likar du å prate med, og hjelpe gjester og turistar?
Suldal Vekst søkjer etter sommarvertar som er over 16 år, og kan jobbe i tida 01.06.2018- 31.08.2018.

Me ser etter deg med god kunnskap om geografi og reiselivsrelaterte produkt i regionen. Du må vera interessert, fleksibel, lojal og påliteleg, og du må kunne snakke og skrive norsk og kommunisere munnleg på Engelsk og Tysk.

Du får opplæring, og arbeidar både sjølvstendig og i lag med andre.

Arbeidet er dag/kveld og helger.

Dei søkjarane som kan jobbe flest veker, vert føretrekt.

Du kan bli kalla inn til intervju.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Spørsmål kan rettast til reiselivsansvarleg Elin Tjordal Haugen

Søknad med CV kan sendast til post@suldalvekst.no.

Me ber deg spesifisere kva veker du ynskjer å arbeida, og om det gjeld turistkontor og/eller laksestudio.

Søknadsfrist 20.mars 2018.