TA ETTERMIDDAGSKAFFIEN I NÆRINGSHAGEN

Me inviterer til ettermiddagsseminar om effektiv kommunikasjon og sosiale medier

 

 

Frå SoMe(SosialeMedia) til kundeforhold
– Korleis bruke dei nye mogelegheitene for den beste kundereisa?

Marknadsførarar i dag har aldri hatt så mange val når det gjeld kanalar, teknologi og  kommunikasjonsmåtar som nå. Kva for nokon SoMe kanalar skal me bruke? Korleis kan me utnytte
automatisering og Big Data? Droppe print og kun bruke video? Kva skal me skrive om i bloggen vår? Korleis måle resultata? Det kan vera vanskeleg å vite kva ein skal satse på og kva som gir best
effekt.

Marknadssjef i Proplan, Mette Gulbrandsen, deler si erfaring om val og prioriteringar med  utgangspunkt i målet for alle bedrifter: Du har noko du skal selje! Uavhengig om det er eit produkt,
ei teneste eller eit bodskap – det du gjer av marknadsføring må ta utgangspunkt i kundereisa. Ei  reise som skal ende i eit langvarig kundeforhold.

Kommunikasjonskanalane me brukar og korleis me vel å bruka dei.

KV-Bygg blei kåra til Årets Marknadsfører av Norgeshus i 2017!
Sal og marknadsansvarleg hjå KV Bygg Suldal, Maren Landsnes, tek deg med på tankar, stunts og  bobler i frå 2016 og 2017. Og fortel korleis dei vel å marknadsføra seg.

PRAKTISK INFORMASJON
Tid: 13.november kl 16.15 – 17.30
Stad: Kurset blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje  i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).
Pris: Kr 150
Påmelding: Påmelding til post@suldalvekst.no
eller tel: 52 79 06 00, innan torsdag 9.november
For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på
tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no

Velkommen!

Foto: Inge Riska

Suldal er i gang med å kvalifisere seg for Merket for Berekraftig Reisemål! I samarbeid med Innovasjon Norge,Lysefjorden Utvikling, Bedriftsutvikling Ytre Ryfylke ogNæringsforeningen i Stavangerregionen inviterer me til kurs:

Bli ei meir berekraftig bedrift
– auka verdiskaping for bedrift, lokalsamfunn og større verdi for gjesten.

Verdifulle opplevingar blir skapte gjennom å nytte tilgjengeleg ressursar rundt seg. Jo lenger gjestene blir verande, jo større lønnsomhet for bedriftene og auka verdiskaping lokalt.

Dette kurset handlar om å bli ei meir framtidsretta og bærekraftig bedrift. Kurset skal bidra til at gjestene får betre opplevingar, bedriftene får betre lønnsomhet og lokalsamfunn får auka verdiskaping og attraktivitet. Det styrker omdømmet og konkurransekraft til bedrift og lokalsamfunn.

Kurset går over 2 dagar og har fokus på praktisk og konkret nytteverdi for deltakarane. Kurset skal m.a. bidra til å:
• Integrerer prinsipp for berekraft i bedrift gjennom drift, forretningsutvikling, produktutvikling, leiing, marknadsføring m.m.
• Posisjonere bedrift i høve miljøansvar og samfunnsansvar
• Auke opplevd kvalitet for gjestene
• Styrke bedriftene si konkurranseevne
• Redusere kostnader, auke omsetning, betre lønnsemd – utarbeide handlingsplan for ei berekraftig utvikling av bedrift

Deltakaravgift dekkjer kursavgift, servering og overnatting.

Kurset passar for:
Overnattingsbedrifter, serveringsbedrifter, aktivitets- og opplevingsbedrifter, handels- og servicebedrifter, destinasjonsselskap, transportselskap, bedrifter innan produksjon/sal/servering av lokal mat, kulturopplevingar og – formidling, museum, grunneigarar og utbyggingsselskap med satsing på reiseliv og bygging av fritidsbustader.

Kurset blir arrangert i samarbeid med Innovasjon Norge, Lysefjorden Utvikling, Bedriftsutvikling Ytre Ryfylke og Stavangerregionen Næringsforening.

Kurset har to samlingar- datoane er oppdaterte!
Tid og stad:        1. samling 1. og 2. november på Høiland gard (lunsj til lunsj)
2. samling 6. desember på Preikestolen fjellstue (kl. 1000-1500)

Ordinær pris:     2200,- For suldalsbedrifter: kr 1200,-

Påmelding:         post@suldalvekst.no innan 25.oktober.

Deltakaravgift dekkjer kursavgift, mat og overnatting.

Sjå program her.

 

Kurset passar for daglege leiarar og personar med økonomiansvar, inkl styremedlemmer.

Tema som vert gjemmomgått:

  • Rekneskapsansvar i bedrift
  • Balanserekneskap og fokus på verdiar, gjeld og eigenkapital
  • Avklaring og definsjon av nøkkeltal
  • Dei viktige nøkkeltala; kva er dei, kva fortel dei og korleis finn ein fram til desse
  • Når bør det ringje varselklokker og kva er handleplikt?
  • Kva kan eg forvente av rekneskapsføraren min?
  • Kor ofte bør og skal det rapporterast og kva skal leggjast fram for evnt styre?

Dato:                    27. SEPTEMBER 2017
Tid:                       1700-2100
Stad:                     Suldal Vekst
Pris:                      Kr 350,-
Påmelding:     post@suldalvekst.no innan 13.sept.

Kurshaldar:        Jostein Aksdal

Vil di bedrift vere med oss på Læring i Næring- prosjekt mot 9. trinn?
Bli med å lær elevane alt frå bli nysgjerrige på ein bedrift, søknad, bedriftsbesøk, jobbintervju til muleg arbeid med arbeidskontrakt og attest.
Elevane som evt. får arbeid skal jobbe 37, 5t i løpet av skuleåret 2017 til mai 2018.

Det vil bli ein informasjonsdag på Sand skule torsdag 07. september kl. 09.05 der bedriftene som er med kan være med å synleggjer dykkar bedrift og rekruttere læreviljuge elevar! Nesflaten ungdomsskule har me eit eige opplegg på i veke 37 der Suldal Vekst besøker elevane og presenterer næringar.

”Lokal rekruttering for  framtida”
Læring i Næring er eit tiltak som skal vera med på å gi ungdom kjennskap til lokalt næringsliv og ulike yrkesretningar, og gjerne danne grunnlaget for utdanningsval. Ungdommane i Suldal treng gjerne fleire praksisplassar og næringslivet treng dei. Og du ser kanskje verdien av ei mogleg tidleg rekruttering?

Meld frå om di interesse  innan 28. august
Suldal Vekst er hovudkontor og bidrar med dialogar, informasjon og kontakt mellom elevar og bedrift. Har du spørsmål høyrer me gjerne frå dykk!

Velkommen til godt lokalt rekrutteringsarbeid!

Hovudkontor for Ungt  Entreprenørskap i Suldal
Marit Larsen, Telefon 52 79 06 13/Mobil 906 84 861. E-post marit@suldalvekst.no
Konrad Jårvik, Telefon 976 59 162. E-post konrad@suldalvekst.no

Me inviterer næringslivet til  årets Suldalsbedrift, ein festkveld med utdeling av prisar.

På programmet denne kvelden står spennande foredrag, eit godt måltid og sjølvsagt prisutdelingar.

Du møter fjorårets Suldalsbedrift –  KV-Bygg Suldal AS

For mykje prat om motivasjon, mål og vekst?
Opplev Freddy Kjensmo sitt foredrag
«Tid for tomgang: Eit ANTI-motivasjonsforedrag».
Foredraget har blitt framført for meir enn 600 offentlege og private bedrifter i inn- og utland. No kjem han til Suldal – du vil ikkje gå glipp av dette!

Tidspunkt:          5.mai, kl 19.00
Stad:                    Ryfylke Fjordhotel

Me inviterer alle bedrifter til å ta med seg sine tilsette til denne festkvelden for næringslivet i Suldal.  Pris:       395,-

Påmelding innan onsdag 3.mai til Suldal Vekst As
på epost: post@suldalvekst.no eller tel: 52 79 06 00.

Arr: Suldal Vekst AS, Suldal kommune v/ ordførar, Suldal Næringsforening  og Bygdeutviklar FMLA

Fossheim ligg like ved Suldalslågen ved Nasjonal Turistveg Ryfylke. Fossheim vart bygd i 1936 av lensmann Rassmus Rasmussen, og har hatt ulike finksjonar etter at Suldal kommune overtok huset i 1970. Det vart teikna av arkitekt Arnstein Arneberg, som m.a. har teikna Rådhuset i Oslo, Vikingskipmuseet og interiøret i FN- bygninga i New York på merittlista. Han vart vurderts om den fremste norske arkitekt i si tid. Med dette får Nasjonal Turistveg Ryfylke og arkitektur rundturen i nord ein ny attraksjon. Meir informasjon kjem etterkvart.

Velkommen!

Suldal Vekst, Suldal Næringsforening og Statnett inviterer til frukostseminar:
Statnett har etablert seg med anleggskontor på Garaneset i Underbakke Næringspark, og
det er til nå er ni personar installerte på Sands-kontoret. På dette frukostmøtet vil Statnett
orientere om prosjekt i området, og kva muligheitar dette er for lokalt næringsliv.

1. Introduksjon til Statnett og Vestre korridor – Marianne Veggeberg
2. Ledningsbygging fra Lysebotn til Sauda – Kjetil Helland
a. Kva og kvar byggjer vi
b. Prosjektfaser og kontrakter
3. Ledningsbygging fra A til Å på 10 minutt! – Tore Lunestad

PRAKTISK INFORMASJON
Tid: 27.april kl 08.30 – 11.00
Stad: Frukosten blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).

Påmelding: Påmelding til post@suldalvekst.no eller tel: 52 79 06 00, innan fredag 21.april

For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no

Suldal Vekst opnar Suldal Turistkontor på Fossheim 2.mai. I den samanheng inviterer Suldal kommune, Suldal Næringsforening og Suldal Vekst til hage- og idedugnad på Fossheim onsdag 26.april, kl 10-17. Ta med venner, familie og godt humør for å gjere Fossheim presentabel til turistsesongen. Har du gamle møblar som kan passe inn på Fossheim så hjelp oss gjerne med det. Det vert kaffi og litt å bite i.

Har du spørsmål så ta gjerne kontakt med reiselivsansvarleg, Elin Tjordal Haugen, tel 992 90 604.

Velkommen!

 

Suldal Vekst inviterer til eit bedriftsutviklingsprogram for bedriftsleiarar som driv innan handel, kultur og reiseliv:

Fokus på:
• leiing, økonomi, sal og service, sentrum og bygdeutvikling

Innhald:
• 4 (lunsj-lunsj) samlingar, to vår og to haust
• Individuell oppfølging inntil 10 timar mellom samlingane
• Vekst- simulator for bedrifta
• Testkjøp/ servicemåling
• 360 grader status for moglegheitar og utfordringar
• Servicesertifikat

Kick- off samling om leiing / introduksjonssamling med
føredragshaldar Stein Jåtten.

Utviklingsprogrammet er i samarbeid med Suldal kommune,
Rogaland Fylkeskommune, Merkurprogrammet og Suldal Vekst.

PRAKTISK INFORMASJON

Tid: Oppstart 4.-5. april frå kl 14.00.

Stad: Sand i Suldal, meir informasjon kjem.

Pris: Eigenandel kr 5000,- for
4 samlingar med kursmateriell og lunsj.

Påmelding: Spørsmål og påmelding innan 20. mars
til sentrum@suldalvekst.no
90684861, Marit Larsen