Suldal Vekst og Suldal Næringsforening inviterer til frukostseminar for næringslivet:

Korleis vinna kampen om kundene?
Eit frukostseminar om salg, service og kundebehandling
–  og om å lukkast kvar for seg og i saman

Salg handlar om å vere ein god kundebehandlar, om å skape tillit og gi verdi til kunden.
I samarbeid med Merkurprogrammet og Lars Helgeland inviterer vi deg til inspirasjon og til å tenkje nytt og positivt når du gjerne ikkje har lyst. Kva når du ikkje når salgsbudsjettet og du har prøvd «alt»?

Tid:                        5 februar, kl 0830 – 1100  – frukost frå kl 0830

Stad:                     Suldal Vekst, Sand

Pris:                      Kr 150,- per person – Suldal Vekst dekkjer kostnad for ein person frå kvar aksjonær.

Påmelding:        post@suldalvekst.no eller telefon 52 79 06 00 innan onsdag 4. februar.

Bioenergiseminar 28.01.15 kl 10-15. Øksnevad vgs, Jærvegen 990, 4352 Kleppe.

Rogaland har et stort potensial i foredling og bruk av uutnytta bioenergiressurser til varmeformål. Vindafjord, Hjelmeland og Eigersund kommuner var først ute, men i de seinere åra har Sandnes og Karmøy kommet sterkt på banen til å benytte trebasert bioenergi som varme og oppvarming til kommunale bygg.

Nå er det 47 påmeldte til seminaret, men det er plass til flere. Påmeldingsfristen er 25. januar 2015
og påmelding skjer via KS sine sider.

Målgruppe: Kommuner, planleggere, næringssjefer, bygge og eiendom, utbyggere etc

Pris kr 300

For mer informasjon ta kontakt med Knut Harald Dobbe, Fylkesmannen i Rogaland – fmrokhd@fylkesmannen.no  – 5156 8961

Arrangør: Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland Fylkeskommune, Innovasjon Norge og KS

 

Suldal er vertskap for yrkesmessa for Sauda og Suldal i 2015. Datoen for messa er 22.januar. For meir informasjon sjå www.utdanningiryfylke.no.

Suldal Vekst er i samarbeid med Aof Haugaland godkjent kursarrangør for etterutdanningskurs for yrkessjåførar. Det har vore stor pågang på kursa, me set derfor opp nye kurs i 2015

Last ned kursplan for yrkessjåfør

16., 17. og 18. januar + 31. Januar og 01. februar

Maks 20 deltakar – minimum 12 deltakarar.

Førstemann til mølla-prinsippet gjeld for påmelding.

Alle kursdagar går frå kl 0800 – 1600. Alle kurs blir gjennomført i Suldal Vekst sine lokalar i næringsparken på Sand.

Ved påmelding treng me følgjande informasjon om deltakarane:

• Namn og adresse • Fødselsnummer • Førarkortklassar • Mobiltelefon og evnt e-post • Firmanavn og fakturaadresse til den som skal ha faktura

Det er også viktig å få avklart om deltakar stiller med eigen bil eller skal leige bil til modul 6 (dette vil vere ein laurdag).

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.

Statnett kjem til Suldal 14.januar for å orientere om Statnett sine overordna planar i regionen.

Program for dagen:

9:00   Velkommen – og Statnetts overordnede planer i regionen

9:15  HMS er Statnetts viktigste fokus

9:45  Anleggene til NSN (Englandskabelen) og Vestre Korridors Transformatorstasjoner – Omfang og plan

10:30  Pause

10:45   Vestre Korridors Kraftledninger – Omfang og plan

11:15  Anskaffelser i Statnett – hvordan bli leverandør?

11:45  Diskusjon og avslutning

12:00   Lunsj

 

Tid: 14. januar 2015 kl 09.00, med lunsj kl 12.00.

Stad: I Suldal Vekst sine lokalar på Sand.

Påmelding; post@suldalvekst.no eller tlf: 52 79 06 00

 

Velkomen

Suldal Vekst er i samarbeid med Aof Haugaland godkjent kursarrangør for etterutdanningskurs for yrkessjåførar. Det har vore stor pågang på kursa, me set derfor opp kurs nr 4 i november/desember.

Last ned kursplan for yrkessjåfør

Kurs 4:  28. – 30. november + 13. – 14. desember 2014

Maks 20 deltakar – minimum 12 deltakarar.

Førstemann til mølla-prinsippet gjeld for påmelding.

Alle kursdagar går frå kl 0800 – 1600. Alle kurs blir gjennomført i Suldal Vekst sine lokalar i næringsparken på Sand.

Ved påmelding treng me følgjande informasjon om deltakarane:

• Namn og adresse • Fødselsnummer • Førarkortklassar • Mobiltelefon og evnt e-post • Firmanavn og fakturaadresse til den som skal ha faktura

Det er også viktig å få avklart om deltakar stiller med eigen bil eller skal leige bil til modul 6 (dette vil vere ein laurdag).

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål.

Suldal Vekst inviterer til temamøte reiseliv 30.oktober. Reiselivsnæringa er ei av verdas raskast veksande næringar, og Suldal og Ryfylke har muligheiter til å ta sin del av veksten. Kva potensiale ligg det i satsing på temabasert reiseliv? Tidlegare reiselivssjef i Suldal Per Gunnar Hettervik som no jobbar i  NCE Tourism kjem og utfordrar på tema: Temabasert reiselivsutvikling og Suldal sine muligheter og utfordringar.

Program:
– Turistkontor og vertskap, erfaringar 2014 v/ Elin T. Haugen, Suldal Turistkontor.
– 2014 sesongen v/ Bjørn Moe, Suldal Næringsforening, reiselivsgruppa.
– Oppsummering sesong for regionen og status for turistinformasjon på Preikestolen.
v/ Liv Jorunn Tjelmeland, Reisemål Ryfylke
– Temabasert reiselivsutvikling og Suldal sine muligheter og utfordringar
v/ tidlegare reiselivssjef i Suldal Per Gunnar Hettervik, NCE Tourism
– Marknaden for aktive opplevingar v/ Truls Engstrøm, Norsk hotell høgskole
– Fokus på aktive Suldal v/ Frank Robert Abelseth, Vinnarskalle as

PRAKTISK INFORMASJON
Tid: torsdag 30.oktober kl 18 – 21
Stad: Seminaret blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).
Pris: gratis!
Påmelding: Påmelding til post@suldalvekst.no
eller tel: 52 79 06 00, innan tysdag 28. oktober

For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på
tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no
Velkommen!

 

 

Kjære kulturgründer og kulturnæringsbedrift!  Me inviterer til nettverkssamling torsdag 2. oktober, kl 1830 – 2000  hjå Atelier Kalvig.

I vår vart det invitert til eit næringsseminar for kulturnæringane, tilbakemeldingane på å kunne ha ein slik arena har vore udelt positive, og me bestemte allereie i vår at me ville møtast igjen!

Me tar opp igjen tråden frå sist samling. Det blei diskutert ein del muligheiter der både gamle og nye arrangement, opplevingspakkar, utstillingar, kunnskap og formidling var tema.

Muligheitene ligg der, og me ønskjer gjerne å bidra til at de som driv dykkar bedrifter og er del av denne næringa kan skape større aktivitet og dermed styrke driftsgrunnlaget i den verksemda de driv!

Kva ønskjer ein å utvikle i lag og kvar for seg? Korleis kan ein komme i gang og kva må til for å komme eitt skritt vidare?

I alle fall, hjerteleg velkomne til ny nettverkssamling for alle som kan tenkje seg å vere med.

Meld tilbake så snart du kan om du har lyst å bli med!

Send gjerne invitasjonen vidare til andre du meiner kan ha nytte av dette!

Les mer …

I September og Oktober arrangerer Ryfylkealliansen Ryfylkelunsj i alle Ryfylkekommunane. 2.oktober vert det Ryfylkelunsj på Energihotellet i Suldal.

forskningsdagene_symbol_RGBSuldal Vekst ønskjer ungdomsskuleelevane i Suldal velkommen til Forskingsdagane 2014. Forskingsdagane er ein årleg, nasjonal festival. Under festivalen er det fokus på formidling i praksis, på ulike vis. Tema i 2014 er kommunikasjon og me har fokus på spionspråk: om kodespråk og hemmelege bodskap Les mer …