Næringshagane i Rogaland inviterar til VekstProgrammet 2018: EIT BEDRIFTSUTVIKLINGSPROGRAM MED FOKUS PÅ VEKST –

Næringshagane inviterar på nytt til det populære “Vekstprogrammet”. Vekstprogrammet er eit leiings- og bedriftsutviklingsprogram for små/mellomstore bedrifter med fokus på vidare vekst. Programmet har oppstart 24.-25. april og vil gå over 4 samlingar. Les meir her.

 I samarbeid med Medvind Næringshage er du herved invitert til styrekurs for kvinner!

Me ønskjer fleire kvinner inn i styrerommet og inviterer til styrekurs med Thorhild Widvey.

For mange er det eit stort steg å takke ja til eit styreverv, og me vil bidra til å styrkje kompetansen innan styreaktivitet blant kvinner i lokalt næringsliv.

Torsdag 19  april arrangerer me difor styrekurs for kvinner om har ønskjer og ambisjon om å ta skrittet inn i styrerommet.

Kurshaldar er Thorhild Widvey, styregrossist, mangeårig stortingstings representant og tidlegare statsråd.

Kursprogrammet vil mellom anna innehalde:

• Kva som er styret sine viktigaste oppgåver
• Rollefordeling
• Det ideelle styret
• Korleis få til eit godt samarbeid med administrasjonen
• Visjon, mål, forretningsplan og strategiprosessar
• Korleis skal ein leie eit styre
• Det praktiske styrearbeidet
• Retningslinjer for styret sitt arbeid, styret og styreleiar sitt ansvar
• Rekruttering
• Korleis posisjonere seg til styrearbeid

Tid: 19. april, kl 0900 – 1500
Stad: Ølen (informasjon om lokale kjem i forkant av kurset)
Pris: 1900 per person – For målbedrifter i Suldal Vekst: kr 950,- per person.
Påmelding innan 13. april
Meld deg på her!

Me inviterer næringslivet til  Årets Suldalsbedrift!

På programmet denne kvelden står spennande foredrag, eit godt måltid og sjølvsagt prisutdelingar:

Me får besøk av sjølvaste LUNCH og Børge Lund:
Frå ide i lunsjen til internasjonal Lunch-suksess. Eit foredrag om historiefoteljing, teikning og jakta på kreativitet.

Børge Lund er skaparen av teikneserien «Lunch», og har gått frå industridesignar til å bli teikneserieskapar på heiltid og gir oss små, skarpe og humoristiske perspektiv på kvardagssituasjonar i arbeidslivet.

Årets Suldalsbedrift 2016, Norsk Stein:
Ved å utnytte verdifulle naturressursar er Norsk Stein i dag Europas største pukkverk. Me møter dei igjen på Årets Suldalsbedrift.

Fylkesordførar, Solveig Ege Tengesdal:
Suldal og Ryfylke etter Ryfast, Noregs største vegprosjekt nokonsinne nærmar seg ferdig. Fylkesordføraren kjem til Årets Suldalsbedrift og gir oss sine tankar rundt Ryfast og kva dette vil ha å seie for Suldal.

Suldal kommune satsar på reiselivet og vil bli grønare og meir berekraftig!
Lansering av Skattkammerprofil i ny og moderne drakt
Lansering av ny reiselivsplattform på nett: Visit Suldal

Prisutdelingar!

Tips til Suldalsambassadør innan 6.april 2018.

Tidspunkt:          12.april, kl 19.00
Stad:                    Ryfylke Fjordhotel

Me inviterer alle bedrifter til å ta med seg sine tilsette til denne festkvelden for næringslivet i Suldal.  Pris:       395,-

Påmelding innan fredag 6.april til Suldal Vekst As
Meld deg på her.

Arr: Suldal Vekst AS, Suldal kommune v/ ordførar, Suldal Næringsforening  og Bygdeutviklar FMLA

 

 

 

Er du klar for Vorspiel og Fakta? Ta turen til Sjøhuset påskeaftan kl 20!

Initiativtakar til arrangementet, KV-Bygg Suldal, er saman med mange andre klar til å ønskje deg velkommen heim, og vise fram kva Suldal har å by på av arbeid, hus og tomter, barnehagar og skular, aktivitetar og mykje meir.

Det vert musikk og god stemning. Gratis mat – så langt det rekk og gratis entre fram til kl 22.00.

Sjå meir her.

Velkommen!

Tveit arrangerer kurs i eigarskifte på landbruks eigendom
Dette kurset passer for dei som planlegg eller står ovanfor familieeigarskifte av landbrukseigendom og går inn på tema som tidsperspektiv, mellommenneskelege forhold, verdiar, økonomi og prosessen.

Stad: Suldal/Sauda Kjølvikstølen
Tid: 01.03.2018 kl. 19.00
Påmelding innan 23.02.2018

For meir informasjon og påmelding sjå tveit.no

Ta frukosten i næringshagen! 

GDPR – Nye personvernreglar i 2018

Kva må du vite og gjere?

Torsdag 22. februar, kl 0815-1030

The General Data Protection Regulation (GDPR), blir norsk lov 25. mai 2018.  Dette vil føre til at du truleg må gjere store endringar for å ikkje risikere bøter. I frukostmøtet vårt får du informasjon om kva dette betyr, kva du må gjere og korleis du må forhalde deg til marknadsføring via e-post.

Er du budd på at alle listene du brukar til for eksempel nyhendebrev, informasjon og marknadsføring blir heilt ubrukelege 25. mai 2018? Det blir dei om du ikkje kan bevise samtykke på kvar og ein av mottakarane dine når du:

  • Sender ut nyhendebrev eller SMS
  • Lagrar personopplysningar
  • Brukar analyseverktøy i samband med nettsider
  • Brukar eigne data i marknadsføringa
  • Brukar 3. parts data i marknadsføringa

GDPR blei vedteke 27. april 2016 og blir realisert 25. mai 2018. Alle fekk difor to år på å førebu seg – no er det knappe 4 månader igjen.

Du kan lese meir om GDPR her: https://www.datatilsynet.no/regelverk-og-skjema/veiledere/hva-betyr/

Velkommen!

Pris:                       Kr 200,-

Suldal Vekst dekkjer kostnad for 1 person frå kvar aksjonær.

 

PÅMELDING

 

Statnett aukar prosjektaktivitetene i Suldal og omegn frå 2018. Ny kraftledning skal byggjast mellom Lysebotn og Sauda i prosjektet Vestre korridor, og North Sea Link (NSL)  skal i gang med neste fase av prosjektet.

Dalekovod har fått kontrakten på kraftledningen og ABB har fått kontrakt for NSL.  I tillegg skal Statnett i gang med å byggje ny transformatorstasjon i Sauda og Hylen i 2018.

Statnett og Suldal Vekst inviterer til  møte med entreprenørane der dei presenterer seg sjølv, prosjektet og kva moglegheiter det ligg i prosjekta for lokalt næringsliv.

Desse selskapa skal i gang med ny aktivitet:
Dalekovod, ledningentreprenøren i Vestre korridor. Dei blir representert i møtet av Site Manager Tomislav Ciglenečki og Project Manager Hrvoje Didak

ABB, entreprenør for North Sea link: Dei blir representert i møtet av Site manager Stefan Andersson og logistikkansvarlig Mats Johansson

GE Power og BRG Entreprenør skal i gang med Sauda transformatorstasjon del 2. Representantar frå selskapa er ikkje bekrefta.

NCC er entreprenør på stasjonen i Hylen. Representantar fra selskapet er ikkje bekrefta.

Fra Statnett møter du:
Ketil Helland prosjektleiar ledning, Tore Lunestad byggeleiar ledning, Robert Søstrøm Hansen kontraktsansvarleg, Oddbjørn Strand byggeleiar NSL, Marianne Veggeberg kommunikasjonsrådgjevar.

Meld deg på ved å sende ein epost til: post@suldalvekst.no

Tid: 30. januar, kl 1800
Stad: Suldal Vekst sine lokaler på Garaneset, Sand

Velkommen til NYTTÅRSBRUNSJ for næringslivet i Suldal. Har du interesse for kva som skjer i Suldal i 2018?

Suldal Vekst, Suldal kommune og Suldal Næringsforening vil invitera til ein arena for informasjon og sosialt samvær.
Stad:     Ryfylke Fjordhotel
Tid;        onsdag 24 januar kl 11.00 til kl. 13.30.

Program:
Velkommen ved ordførar Gerd Helen Bø
• Suksesskriterier i fratida for distriktskommunane og samarbeid framover ved Halvor Holmli, direktør Distriktssenteret
• Bygg og planprosjekt i Suldal kommune i 2018,  Torbjørn Guggedal, kommunalsjef Suldal kommune
• Berekraftig Reisemål og andre framtidsretta prosjekter for Suldal, Laila Steine, dagleg leiar Suldal Vekst
• Suldal; Korleis ser framtida ut?  – Arbeid og fokusområde v/ Suldal Næringsforening.

Velkommen til ein framtidsretta lunsj  saman med oss.
Ta gjerne med deg tilsette!

Påmelding med antal  innan måndag 22.januar til post@suldalvekst.no
Arrangementet er gratis!

Nyttårshelsing frå
Suldal Vekst
Suldal kommune
Suldal Næringsforening


VIS FRAM BEDRIFTA og organisasjonen din til framtidas arbeidskraft PÅ YRKES- OG UTDANNINGSMESSA
FOR SAUDA OG SULDAL 2018 i Saudahallen i Sauda.

Messa blir arrangert for elevar i 10. klasse i Sauda og Suldal og vg.1, vg.2 og vg.3
ved Sauda vidaregåande skule og andre interesserte i vår region.
Sjå detaljer i invitasjonen her.

Påmelding til messedeltaking 03.november  2017 til:
Sauda Vekst As
Inge Løyning
post@sauda-vekst.no
Tlf. 52 78 68 95 / 416 05 642
www.utdanningiryfylke.no
BLI MED Å GJER SULDAL OG SAUDA
SYNLEGE PÅ YRKES- OG KOMPETANSEFAG I INDRE RYFYLKE!

VELKOMMEN!

Hovudarr.:

Sauda Vekst tel: 52786895
Suldal Vekst tel: 52790600

FORMÅL MED OPPLÆRINGA:
Formålet med opplæringa er å gi deltakarane den teoretiske plattforma som er nødvendig
for å kunne fylle si rolle på ein trygg og god måte.
MÅLGRUPPE:
Alle tilsette i eller leiar av verksemder som utfører arbeid på eller ved veg for Statens
Vegvesen. Alle som skal utføre arbeid på eller ved veg, når arbeidet krev løyve frå Statens
Vegvesen og det er behov for arbeidsvarsling. Kravet gjeld også når kommunane gir slike
løyve på riks- og fylkesvegar.
Kursleverandør: Sapio As

PRAKTISK INFORMASJON
Tid: 6. desember 2017, kl 07.30-14.00
Stad: Kurset blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje
i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen
134).
Pris: Per deltakar kr. 2250,-
Kurspris inkluderer læremateriell, kompetansebevis
og lunsj.
Påmelding: Påmelding til post@suldalvekst.no
eller tel: 52 79 06 00, snarast og innan 4.12.2017
For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på
tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no