Suldal Vekst og Suldal Næringsforening inviterer til frukostseminar:
Økonomikurs for styremedlemmer og dagleg leiar – korleis oppdage faresignal i rekneskapen!

2016-resultata byrjar å bli klare i dei enkelte bedriftene og skal opp til styrehandsaming. Svært mange styremedlemmer er ikkje-økonomar og har avgrensa kompetanse til å lese og analysere rekneskap og økonomisk utvikling.

Dagleg leiar er etter aksjelova plikta til å orientere om drift, stilling og resultatutvikling minst kvart kvartal. Styret har også ei sjølvstendig plikt til å halde seg orientert om den økonomiske stoda til selskapet. Dersom rapporteringa til dagleg leiar er mangelfull kan ikkje styret halde seg passivt (noko svært mange gjer).

På to timar vil Jostein Aksdal, Tveit Regnskap, gi deg som deltakar god innsikt i kva plikter de har i forhold til selskapet sin økonomi og kva faresignal du bør sjå etter – på ein forståeleg måte for alle som ikkje er økonomar. Du som deltakar får også utdelt eit verktøy i form av ei enkel sjekkliste som du kan nytte for å få indikasjonar på faresignal.

TA FRUKOSTEN I NÆRINGSHAGEN – PRAKTISK INFORMASJON
Tid: 30. mars kl 08.30 – 11.00

Stad: Frukosten blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).

Pris: Kr. 200,- per person Suldal Vekst dekkjer kostnadane for ein person frå kvar aksjonær.

Påmelding: Påmelding til post@suldalvekst.no eller tel: 52 79 06 00, innan fredag 24.mars

For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no

Velkommen!

Stavanger regionen næringsforening arrangerer Ryfylkekonferansen på Sand 29.mars. Tema på konferansen er utvikling av stadar og reiseliv.
– Nokon seier at reiseliv er den nye olja, og då er Ryfylke godt posisjonert.
Meld deg på her.

Korleis kan du som etablerer og bedrift bruke sosiale media som Facebook, YouTube og Instagram?

Det har skjedd ein digital revolusjon dei siste åra med tanke på nye metodar for å byggje nettverk, og det er viktig for bedrifter å sjå på kva potensiale det er i å følgje med på utviklinga. På kurset vil me sjå på korleis etablerarar og bedrifter kan utnytte potensiale ved å bruke sosiale media for å bruke desse kanalane for å kommunisere med kundane dine.

Kurset vert arrangert i samarbeid med Skape.

Kurshaldar: Vaardal-Lunde AS v/Kathrine Jølle Wathne

Velkommen!

PRAKTISK INFORMASJON

Tid:  27.mars, kl 17 – 21

Stad:   Kurset blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).

Pris:   Kr 600,-

Påmelding: Fint om du melder deg direkte på til Skape her , innan fredag 17. mars

For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no

 

 

Suldal kommune i samarbeid med Suldal Vekst inviterer til møte
«Eit døgn ekstra i Suldal»- korleis får me gjester til å bruke enda meir tid i kommunen?

«Eit døgn ekstra i Suldal» v/ ordførar og rådmann
Kommunestyret i Suldal har sett av 500.000 kroner til eit prosjekt
med arbeidstittel «Eit døgn ekstra i Suldal». Det er pr. dato ingen
andre føringar enn at prosjektet skal ha som mål å få turistar til å
nytta ennå meir tid i kommunen, både dei som er gjennomkøyringsturistar
og dei som allereie har ein eller fleire overnattingar. Det vil
sjølvsagt vera de som reiselivsaktørar som fyrst og fremst bidreg
til at turistar blir verande, men håpet er at tiltak utløyst av denne
halve millionen kan hjelpa til.
Aktuelle tiltak kan vera meir skilting, meir informasjon gjennom
appar, brosjyrar, minikort eller Qr-kodar, skoging, utleigeordningar
sykkel, båt, utstyr, tilrettelegging aktivitetar eller andre gode tiltak
som du eller andre spelar inn. På møtet vil det bli høve til å koma
med innspel.

Berekraftig reisemål
Kva og korleis?

Dialog og diskusjon

Tid: 13.mars kl. 16.30-18.00
Stad: Kommunehuset

Velkommen!

I samarbeid med aktørar i og ved Suldalslågen arrangerer me temamøte
på korleis ein kan auke verdiskapinga på fiske i Suldalslågen.

Velkommen v/ Elin Tjordal Haugen, reiselivsansvarleg i Suldal Vekst
Erfaringar med sal av laksefiske v/ Bjørn Moe, Mo Laksegard
Camp Villlaksen v/ Anne Gunn Kvæstad
Dialog og diskusjon.

PRAKTISK INFORMASJON
Tid: 23.februar kl 20.00
Stad: Mo Laksegard
Pris: gratis
Påmelding: Meld frå om du kjem til post@suldalvekst.no
eller tel: 52 79 06 00, innan fredag 17.februar
For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på
tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no

Velkommen!

Suldal kommune vil gjerne bli kjent med deg som har flytta til kommunen. Me inviterer nye innbyggjarar til eit treff for å gi ein smakebit av det kommunen kan by på av aktivitetar og tilbod.
 Stad: Kulturhuset i Suldal, Sand
 Tid: Torsdag 2. februar frå kl. 17.30
På treffet vil det delta lag, organisasjonar og ressurspersonar som representerer noko av det som finst av aktivitetar i Suldal. Me serverer ein enkel kveldsmat og satsar på at praten går. Litt informasjon om aktivitetar og arrangement blir det rom for. Bibliotek og bowling er open. Vel møtt! Beste helsing Gerd Helen Bø Aud Marit Hauge ordførar kultursjef

Yrkes- og utdanningsmessa for 2017 blir 19.januar. Dette året er messa i Suldal, sjå invitasjon her.

 

Næringshagane i Rogaland inviterer på nytt til det populære “Vekstprogrammet”. Vekstprogrammet er eit leiings- og bedriftsutviklingsprogram for små/mellomstore bedrifter med fokus på vidare vekst. Programmet har oppstart 17. -18. januar og vil gå over 3 samlingar i 2017.

Programmet skal føre til ein vekststrategi for bedriftene og deltakarane skal tileigne seg kunnskap om følgjande:

• Leiing og organisasjon, status og framtid
• Vekst og innovasjon, forretningsmodellar
• Marknad, styre og implementering av strategi

Vår faglege partnar er Handelshøyskolen BI – høgskulelektor i forretningsutvikling, Frode Solberg.

Målet for programmet er at deltakarane skal utarbeide detaljerte planar med mål og handlingar for vidare vekst som skal gjennomførast i perioden 2017 og 2018.

Gjennom heile programmet vil deltakarane arbeide med utvikling av eiga bedrift. Mellom samlingane vil bedrifta arbeide med utviklings- og strategiarbeid i samarbeid med forretningsutviklar frå sin lokale Næringshage.

Tilbakemelding frå tidlegare deltakarar har vore svært positive, og erfaringsdeling mellom deltakarane og nytteverdien av ein dedikert forretningsutviklar mellom samlingane, har blitt trekt fram som spesielt verdifullt.

Programmet blir gjennomført i samarbeid mellom Næringshagane i Rogaland
(Rogaland Ressurssenter, Suldal Vekst, Medvind Næringshage og Ryfylke Næringshage).
Bedrifta betalar ein eigenandel for deltaking.

Interessert i å delta? Du kan melda di interesse her:  https://rrsenter.wufoo.eu/forms/vekstprogrammet-2017/

Ta kontakt med næringshagane for meir informasjon:
Rogaland Ressurssenter: 45614565 /anne.helgeland@rrs.no
Suldal Vekst: 97775757/post@suldalvekst.no
Ryfylke Næringshage: 975 02 974/fnhage@finnoy.com
Medvind Næringshage: 99 32 54 12/merete@medvind-neringshage.no

I samarbeid med Suldal Sportsfiske arrangerer me temamøte på korleis
ein kan auke verdiskapinga på fiske i Suldalslågen.

Agenda:
Velkommen v/ Elin Tjordal Haugen, reiselivsansvarleg i Suldal Vekst
Kva er Suldal Vekst AS v/ dagleg leiar Laila Steine
Erfaringar med sal av laksefiske v/ Jone Moe, Suldal Sportsfiske
Dialog og diskusjon.
PRAKTISK INFORMASJON
Tid: 31.oktober kl 15.00 -17.00
Stad: Temamøte vert halde på Donelemen, Mo i Suldal, Gullingvegen 22.
Pris: gratis
Påmelding: Påmelding til post@suldalvekst.no
eller tel: 52 79 06 00, innan fredag 28.oktober.

Suldal Vekst og Suldal Næringsforening inviterer til frukostseminar

Med fokus på styrearbeid
Kva er styret si hensikt og kva seier Aksjelova?
Korleis bør eit styre arbeide og kva vil vere den rette kompetansen i eit styre?

Jostein Aksdal, teamrådgivar i Tveit Regnskap As

PRAKTISK INFORMASJON
Tid:        27. oktober, kl 0815 – 1100
Stad:     Næringsparken, Garaneset
Pris:       Kr 200 per person

Suldal Vekst dekkjer kostnadane for ein person frå kvar aksjonær