Velkommen til HEI – i Ryfylke Sauda / Suldal 21.mai 2016
Godt vertskap er kunsten å få menneske til å føla seg velkommen.
I Ryfylke bruker me HEI, Humor, Engasjement og Identitet.

DEl 1. Hei – kurs, av og med Tor Øyvind Skeiseid og Leif Arild Steen i Ryfylkealliansen.
Kva? HEI står for Humor, Engasjement og Identitet. HEI-kurset set fokus på positiv formidling,
kjennskap til Ryfylke, kultur og ryfylkelynne.
Kvifor? Me vil møta folk i Ryfylke og seia HEI. Enten me treff på naboen, turisten, kunden, ungdomen,
dei fastbuande og besøkjande.
Mål: Byggja stolthet og identitet i Ryfylke! Våga å ta kontakt med folk. Bevisstgjera kvarandre på
at kvar av oss byggjer Ryfylke sitt omdømme, og dermed at fleire vil koma tilbake.

Del 2. Nasjonal Turistveg Ryfylke, Suldal og Sauda
Suldal, over 100 år med turist historie
v/ Elin Tjordal Haugen, Suldal Vekst/ Suldal Turistkontor
Ny attraksjon i Sauda sommaren 2016, Allmannajuvet !
v/ Ragnar Fosstveit, Sauda ferie og Fritid
Me kjører Ryfylkebussen frå Sand til Sauda, besøk i Allmannajuvet.
PRAKTISK INFORMASJON
Tid: 21.mai, Del 1 kl. 08.00 – 12.30, Del 2 kl. 12.30 – 17.00
Båt frå Sauda kl 07.25, retur med Ryfylkebussen kl 13.

Stad: Kurset blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje
i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).

Pris: 250 inkl. lunsj. pr. pers.

Påmelding: post@suldalvekst.no / tel: 52 79 06 00, eller
post@saudaferie.no / tel. 52 78 00 00 innan onsdag 11.mai.

Gi tilbakemelding om du blir med på del 1 og del 2.

Vertar på turistkontor, laksestudio og Ryfylkemuseet
sine anlegg vert påmeldt via Ryfylkemuseet.
Kunsten å få menneske til å føle seg velkomne.

Introduksjonskurset gir ei kort innføring i oppstart av eiga bedrift.

Hovedtema i kurset:
•forretningsplan
•val av selskapsform
•registrering av firma
•personleg motivasjon
•spørsmål og svar

Kurset vert arrangert i samarbeid med Skape.

Kurshaldar: Einar Vaardal-Lunde

PRAKTISK INFORMASJON

Tid: 13.april, kl 18 – 21.

Stad: Kurset blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).

Pris: Kr 300,-

Påmelding: Påmelding til post@suldalvekst.no
eller tel: 52 79 06 00, innan onsdag 6.april

For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på
tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no

Velkommen!

Innovasjon Norge Rogaland har eit prøveprosjekt der dei ynskjer å vere enda meir tilgjengeleg for kundane sine.  1. torsdag i kvar månad reiser dei tilsette ut i fylket i samarbeid med lokale aktørar. I Suldal er dette Suldal Vekst AS.

På denne måten ynskjer Innovasjon Norge å vere lett tilgjengeleg for å møte bedrifter og gründerar  evt. bidra på arrangement i saman med  lokale samarbeidspartnarar. Det kan også være aktuelt med bedriftsbesøk.

Innovasjon Norge kjem til Suldal Vekst As onsdag 7.april. Har du ein god ide til bedriftsetablering, vidareutvikling av eksisterande bedrift mot nye marknader eller internasjonale ambisjonar –  ta kontakt med oss i Suldal Vekst på tlf 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no. Då kan me i samarbeid lage ein agenda for dagen.

Suldal Vekst as inviterer næringslivet i Suldal til orienteringsmøte:
Framtidige utbyggingsprosjekt.

Me inviterer di bedrift til å motta førehandsinformasjon om framtidige
utbyggingsprosjekt.

Dei som vil presentere er:
· Suldal kommune
· Hydro Energi
· Statens Vegvesen
· Statkraft

PRAKTISK INFORMASJON
Tid: onsdag 6.april kl 18 – 20.30
Stad: Møtet blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).
Påmelding: Påmelding til post@suldalvekst.no
eller tel: 52 79 06 00
For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på
tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no

Velkommen!

Korleis oppfattar kunden bedrifta di?

Dette kurset gir deg innføring i korleis du går fram for å synleggjere bedrifta di og produkt og/eller tenester gjennom marknadsføring og profilering.

Det er ikkje berre er annonsar, websider og reklame som seier noko om bedrifta, all omtale er marknadsføring. Den raude tråden du har i
marknadskommunikasjonen, gjer at du lagar eit heilheitleg bilete av bedrifta.

Kursmateriellet inneheld praktiske virkemidlar som du kan nytte etter
at kurset er ferdig.

Kurset vert arrangert i samarbeid med Skape.
Kurshaldar: Einar Vaardal-Lunde

PRAKTISK INFORMASJON

Tid:  31.mars kl 18 – 21

Stad:   Kurset blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje     i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).

Pris:   Kr 500,-

Påmelding: Påmelding til post@suldalvekst.no
eller tel: 52 79 06 00, innan onsdag 23.mars

For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS på
tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no

Velkommen!

Me inviterer næringslivet til festkveld med utdeling av pris til:
Årets Suldalsbedrift og Årets Suldalsambassadør. På programmet denne kvelden står spennande foredrag, eit godt måltid og sjølvsagt prisutdelingar. Les mer …

Utdanning i Ryfylke inviterer til stillaskurs 14.-15.mars.

Målgruppe: Alt personale som arbeider i stillas samt alle som bygger stillas inntil 5m.
Kursreferanse: Ny forskrift gjeldande frå 01.01.2016, «Kapittel 17. Arbeid i høyden»

Det vert i denne kursserien høve til å ta tre kurs:
1. Stillasbrukar, 1 dag
2. Stillasbyggar, 1 dag
3. Stillasbrukar + stillasbyggar, 2 dagar
Sjå meir info i vedlegg.

Kursinstruktør Kristian Holm Stillcon AS

Bindande innan 25. februar til hans.h.solberg@skole.rogfk.no
Kontaktperson Hans Hylen Solberg Tlf. 47236441

Fint om de kan vere med å bidra med å formidle kurset til ev. andre som treng dette.

Laurdag 20.februar inviterer Suldal kommune og næringslivet hyttesuldølen til kaffi og drøs på Gullingen turistsenter.

Program:
• Velkommen til Skattkammeret Suldal
– Ordførar Gerd Helen Bø
• Velkommen til Gullingen
– Gullingen Turistsenter
• Informasjon om kva som føregår i Suldal
– Torbjørn Guggedal, Suldal kommune
• Kaffi og drøs
• Suldal Næringsforening
– Reiseliv og Sandsgruppa
• Gode opplevingar i Suldal
– Elin T. Haugen – Suldal Turistkontor

Påmelding og meir informasjon: post@suldalvekst.no eller 52790600 innan onsdag 18.februar.

Til deg som er BONDE, matforedlar, kokk eller interessert i mat på eit eller anna vis.

Her er ein invitasjon til MatSmiå 2016:

Få fagleg påfyll og delta på nyttige kurs innan brødbakst, mjølkeforedling, søtsaker, design og berekraftig mat.
Vi har plukka kokkar frå øvste hylle; Arne Brimi, Morten Schakenda, Sverre Sætre og Frode Selvaag. Dei vil meir enn gjerne dele av sin kunnskap om råvarer og tillaging av mat.
Formålet med samlinga er å inspirere til nyetableringar, større produktmangfald, auka kompetanse og styrka nettverk mellom lokalmatprodusentar og brukarar av lokal mat og råvarer.
Målgruppa er alle som er interesserte i lokal mat; bønder, matprodusentar, foredlingsbedrifter, produsentsamanslutningar, serveringsstader som ønskjer meir lokal mat på menyen, kokkar som brenn for lokal mat, tilsette innan offentleg forvalting og andre interesserte.
Les heile invitasjonen og programmet i vedlegget.
Pris for deltaking:
– Alternativ 1: Inspirasjonssamling og kurs 2 dagar, inkl. lunsjar kr 1950,-
– Alternativ 2: Berre inspirasjonssamling første dagen, inkl. lunsj kr 1050,-
– Middag under kyndig leiing av Finn Lothe på Historiesenteret på Avaldsnes kr 500,-

Bindande påmelding innan 1. februar.
Påmelding og betaling skjer på Matsmiå 2016 – betaling med kort
Dei som ønskjer å få tilsendt faktura bruk denne lenkja MatSmiå 2016 – faktura (fakturagebyr på kr 50,-kjem i tillegg).

Følg MatSmiå på facebook.

Arrangørar:
Kompetansenettverk for lokalmat Sør, Fylkesmannen i Rogaland, Innovasjon Norge, Karmsund vgs/Rogaland fylkeskommune og Bygdeutvikling Haugalandet.

VIS FRAM BEDRIFTA DI og framtidas yrkesbehov PÅ YRKES- OG UTDANNINGSMESSA
FOR SULDAL OG SAUDA  2016 i SAUDAHALLEN.

Messa blir arrangert for elevar i 10. klasse i Suldal og Sauda  og vg.1, vg.2 og vg.3
ved Sauda vidaregåande skule.

Sjå detaljer i invitasjon som ligg som vedlegg.

Påmelding til messedeltaking 10. november 2015 til:

Sauda Vekst As
post@sauda-vekst.no
Tlf. 52 78 68 95
www.utdanningiryfylke.no

BLI MED Å GJER SULDAL OG SAUDA
SYNLEGE PÅ ¬YRKES- OG KOMPETANSEFAG I INDRE RYFYLKE!

VELKOMMEN!

Hovudarr.:
Sauda Vekst tel: 52786895
Suldal Vekst tel: 52790600