Årets Suldalsbedrift 2017

Me inviterer næringslivet til  Årets Suldalsbedrift!

På programmet denne kvelden står spennande foredrag, eit godt måltid og sjølvsagt prisutdelingar:

Me får besøk av sjølvaste LUNCH og Børge Lund:
Frå ide i lunsjen til internasjonal Lunch-suksess. Eit foredrag om historiefoteljing, teikning og jakta på kreativitet.

Børge Lund er skaparen av teikneserien «Lunch», og har gått frå industridesignar til å bli teikneserieskapar på heiltid og gir oss små, skarpe og humoristiske perspektiv på kvardagssituasjonar i arbeidslivet.

Årets Suldalsbedrift 2016, Norsk Stein:
Ved å utnytte verdifulle naturressursar er Norsk Stein i dag Europas største pukkverk. Me møter dei igjen på Årets Suldalsbedrift.

Fylkesordførar, Solveig Ege Tengesdal:
Suldal og Ryfylke etter Ryfast, Noregs største vegprosjekt nokonsinne nærmar seg ferdig. Fylkesordføraren kjem til Årets Suldalsbedrift og gir oss sine tankar rundt Ryfast og kva dette vil ha å seie for Suldal.

Suldal kommune satsar på reiselivet og vil bli grønare og meir berekraftig!
Lansering av Skattkammerprofil i ny og moderne drakt
Lansering av ny reiselivsplattform på nett: Visit Suldal

Prisutdelingar!

Tips til Suldalsambassadør innan 6.april 2018.

Tidspunkt:          12.april, kl 19.00
Stad:                    Ryfylke Fjordhotel

Me inviterer alle bedrifter til å ta med seg sine tilsette til denne festkvelden for næringslivet i Suldal.  Pris:       395,-

Påmelding innan fredag 6.april til Suldal Vekst As
Meld deg på her.

Arr: Suldal Vekst AS, Suldal kommune v/ ordførar, Suldal Næringsforening  og Bygdeutviklar FMLA