Kick-off sommarsesongen 2018

I april var det samla 350 turoperatørar frå heile verda og 350 norske tilbydarar for å selje og kjøpe norske reiselivsopplevingar på Norwegian Travel Workshop i Stavanger! Heile 5 pre  -og post turar med turoperatørar gjekk gjennom Suldal, der tema var både Nasjonale Turistvegar og berekraft. No inviterer me til inspirasjonssamling for reiselivet for å presentere korleis det går med arbeidet for å verte ein berekraftig destinasjon og utviklinga av Nasjonal Turistveg Ryfylke. Du får også møte ei av dei nyaste reiselivsbedriftene våre – Træ gården, høg trivsel for folk og fe!

Tid: måndag 28.mai kl. 19.
Stad: Suldal Vekst
Påmelding: til post@suldalvekst.no eller på tlf. 52 79 06 00 innan fredag 25.mai
Pris: GRATIS

Program:

Velkommen til visitsuldal.no v/ Elin Tjordal Haugen , Suldal Vekst
Kva betyr eit berekraftig reiseliv for Suldal? v/Laila Steine, Suldal Vekst
Kina- kva og korleis? v/ Alf Aadnøy, Suldal Vekst
Kva betyr reiselivsnæringa for anna næringsliv? v/ Kjetil Brekke, Monter
Erfaringar i frå Norwegian Travel Workshop v/ Liv Jorunn Tjelmeland, Reisemål Ryfylke

Pause

Nasjonal Turistveg Ryfylke, kva skjer? v/ Ragnar Fosstveit, Sauda Ferie og Fritid
Fra «messa» til «minimalistisk designhotell i ingenmannsland» v/ Olav Lindseth Energihotellet
Ny aktør; Trægården- høg trivsel for folk og fe v/ Lasse Eide

Oppsummering:
Korleis skal me i Suldal kunne gje gjestene gode og berekraftige opplevingar? v/ Laila Steine
– Arbeidet med Berekraftig reiseliv
– Kurs i opplevingsproduksjon