Opplevingskurset – grunnstein i all reiselivsutvikling

I samarbeid med Innovasjon Norge og Høve støtt inviterer Suldal Vekst til opplevingskurs.

Bedriftene som deltek på kurset lærer nye og spennande måtar å jobbe med innovasjon og produktutvikling på, der også prinsipp for berekraftig reiseliv er ein del av utviklingsprosessane. Opplevingskurset har ei praktisk tilnærming og eit innovasjons- og næringsutviklingsperspektiv. Kurset er basert på dei grunnleggjande teoriane rundt opplevingsøkonomi frå Pine & Gilmore, Opplevingspyramide frå LEO Finland og erfaringar frå kurshaldarar, deriblant Pål K. Medhus som i 2016 blei heidra som 1 av 10 pionerar innan opplevingsutvikling i Norge.

Kurset blir arrangert frå lunsj til lunsj, og er ein kombinasjon av førelesningar, øvelsar og arbeid med eiga bedrift.

KURSET FOKUSERER PÅ:
• Ei grunnleggjande innføring i opplevingsøkonomien
• Ei grunnleggjande innføring i berekraftig reiselivsutvikling
• Kva drivkrefter påverkar etterspurnaden etter opplevingar?

8 praktiske verktøy for å utvikle heilskaplege, meiningsfylte og berekraftige opplevingar i eiga bedrift. Blant verktøya finn me «Sweet Spot», dramaturgi, «opplevingsløypa», «opplevingspyramiden», «personas», «dyrke styrke», dei 10 prinsippa for berekraftig reisemålsutvikling og «opplevingsnettet». Alle verktøya som deltakarane lærer å bruke er verktøy for å sjå samanhengar i opplevingsproduksjon – anten det er i liten eller stor skala.

KVA KAN EI MEININGSFULL OPPLEVING VERE?
Ei meiningsfull oppleving vert ofte definert som fleirsanseleg, positiv, omfattande og minneverdig. Meiningsfulle opplevingar kan ofte føre til at ein person endrar seg eller sitt syn på noko.
Kurset ser på korleis aktørar kan nytte seg av fysiske omgjevnader, samhandling og kultur i utviklinga av ei oppleving og på korleis menneska (produsentane) kan vere i ulike roller og kva historiar som skal formidlast. Det er ein samansett verktøykasse og mykje morosamt og lærerikt arbeid som ventar kursdeltakarane.

KOMMERSIELL LØNNSEMD
Innanfor opplevingsproduksjon skal ein både tilfredsstille behovet til gjesten, samstundes som ein må standardisere produksjonen på ein måte som gir lønnsemd. Det ideelle er difor å skape produkt som er forutsigbare for flest mogleg innanfor målgruppa. Kurset brukar eksempel frå norsk reiseliv.

GJENNOMFØRING
Kurset går over eitt døger – frå lunsj til lunsj. Det vert gjennomført som førelesningar, øvelsar og arbeid med eiga bedrift. Kurshaldarane er ekspertar som er godkjent av LEO. Kva av desse har ulik bakgrunn både frå eiga bedrift, teater/regi eller frå utvikling/opplæring.

KVEN PASSAR KURSET FOR?
Leiarar eller mellomleiarar i små og mellomstore reiselivsbedrifter. Det er ofte ein fordel å vere 2 deltakarar frå kvar bedrift, men ikkje eit krav.

Program

Dette er eit lunsj-lunsj kurs, med oppfølging i etterkant og oppfølgingsdag for alle på kursdag 3.
Det vert sendt ut ein mini undersøking i førekant til alle deltakarar på kurset.

Dag 1. 27.09.2018
11.00 Oppstart Opplevingskurset, del 1
12.00 Lunsj
17.00 Kursdag vert avslutta
19.00 Middag

Dag 2. 28.09.2018
08.30 Oppstart Opplevingskurset, del 2.
13.00 Lunsj med lokal vri
14.00 Kursdag vert avslutta.

Etter ferdig kursdag får alle bedrifter høve til å få 1 times oppfølging med kurshaldar, ev. andre ressurspersonar.

Dag 3 Oppfølgingsdag 29. oktober, opplevingskurset, del 3.
09.00 Oppstart oppfølgingsdag, der det vert gjennomgått spørsmål frå deltakarar i fellesskap, og ein har høve til å jobbe med dei utfordringane som har komme sidan sist.

PRAKTISK INFORMASJON
Tid: 27.-28. september 2018, og oppfølgingsdag 29.oktober.

Stad: Kurset blir halde i lokala til Suldal Vekst AS i 2. etasje i Næringsparken på Sand (Garaneset, Sandsvegen 134).

Pris:
Kursavgift m/ mat og overnatting (på Ryfylke Fjordhotel):
-for målbedrifter: 2 790,-
-for andre: 3 190,-
Kursavgift m/ mat:
-for målbedrifter: 1 590,-
-for andre: 1 990,-

Påmelding:
post@suldalvekst.no eller
tel: 52 79 06 00, innan 01.09.2018

Max 15 deltakarar på kurset.

For meir informasjon – kontakt Suldal Vekst AS
på tel. 52 79 06 00 eller post@suldalvekst.no