Styrekurs for kvinner

 I samarbeid med Medvind Næringshage er du herved invitert til styrekurs for kvinner!

Me ønskjer fleire kvinner inn i styrerommet og inviterer til styrekurs med Thorhild Widvey.

For mange er det eit stort steg å takke ja til eit styreverv, og me vil bidra til å styrkje kompetansen innan styreaktivitet blant kvinner i lokalt næringsliv.

Torsdag 19  april arrangerer me difor styrekurs for kvinner om har ønskjer og ambisjon om å ta skrittet inn i styrerommet.

Kurshaldar er Thorhild Widvey, styregrossist, mangeårig stortingstings representant og tidlegare statsråd.

Kursprogrammet vil mellom anna innehalde:

• Kva som er styret sine viktigaste oppgåver
• Rollefordeling
• Det ideelle styret
• Korleis få til eit godt samarbeid med administrasjonen
• Visjon, mål, forretningsplan og strategiprosessar
• Korleis skal ein leie eit styre
• Det praktiske styrearbeidet
• Retningslinjer for styret sitt arbeid, styret og styreleiar sitt ansvar
• Rekruttering
• Korleis posisjonere seg til styrearbeid

Tid: 19. april, kl 0900 – 1500
Stad: Ølen (informasjon om lokale kjem i forkant av kurset)
Pris: 1900 per person – For målbedrifter i Suldal Vekst: kr 950,- per person.
Påmelding innan 13. april
Meld deg på her!