GDPR – Nye personvernreglar i 2018

Ta frukosten i næringshagen! 

GDPR – Nye personvernreglar i 2018

Kva må du vite og gjere?

Torsdag 22. februar, kl 0815-1030

The General Data Protection Regulation (GDPR), blir norsk lov 25. mai 2018.  Dette vil føre til at du truleg må gjere store endringar for å ikkje risikere bøter. I frukostmøtet vårt får du informasjon om kva dette betyr, kva du må gjere og korleis du må forhalde deg til marknadsføring via e-post.

Er du budd på at alle listene du brukar til for eksempel nyhendebrev, informasjon og marknadsføring blir heilt ubrukelege 25. mai 2018? Det blir dei om du ikkje kan bevise samtykke på kvar og ein av mottakarane dine når du:

  • Sender ut nyhendebrev eller SMS
  • Lagrar personopplysningar
  • Brukar analyseverktøy i samband med nettsider
  • Brukar eigne data i marknadsføringa
  • Brukar 3. parts data i marknadsføringa

GDPR blei vedteke 27. april 2016 og blir realisert 25. mai 2018. Alle fekk difor to år på å førebu seg – no er det knappe 4 månader igjen.

Du kan lese meir om GDPR her: https://www.datatilsynet.no/regelverk-og-skjema/veiledere/hva-betyr/

Velkommen!

Pris:                       Kr 200,-

Suldal Vekst dekkjer kostnad for 1 person frå kvar aksjonær.

 

PÅMELDING