Læring i næringbedrifter 2015/2016

Læring i Næring
Læring i Næring (LIN) er eit tiltak som skal være med på å gi ungdom kjennskap til lokalt næringsliv og ulike yrkesretningar. Dette er eit tilbod til motiverte og interesserte ungdommar som går i 9. klasse, og er eigd av Suldal Vekst i samarbeid med Suldal kommune og lokalt næringsliv. Ungdommane vil få sjans til å bli kjend med bedrifter, og gjerne danne grunnlaget for utdanningsval. Arbeidstid vert lagt til fritid, feriar og eventuelt etter skuletid. Cinta Hondsmerk (14) og Maria Groven (14) har i gjennom LIN fått jobb hjå Suldal Vekst, der skal dei skrive artiklar om Læring i Næring 2015/2016.