Målbedrifter

Som del av det nasjonale næringshagenettverket har Suldal Vekst ekstra fokus på bedrifter og etablerarar med utviklingspotensial. Desse kallast for målbedrifter og har ein eigen utviklingsavtale med Suldal Vekst. Fleire av bedriftene i næringshagen har slike avtalar, og i tillegg har me ei rekkje bedrifter utanfor samlokaliseringa som har målbedriftsavtalar. Avtalane opnar for ekstra støtte og fleire ressursar å bruke på å følgje opp desse bedriftene, og målet er sjølvsagt auka verdiskaping og betre lønnsomhet for bedriftene. Ein del av bedriftene er i etablering og vekst-fase, medan andre er i driftsfase. Kan hende er ein målbedriftsavtale noko for din forretningside og di bedrift?