Målbedrifter

Foto: Anne Lise NorheimSom del av det nasjonale næringshagenettverket har Suldal Vekst ekstra fokus på bedrifter og etablerarar med utviklingspotensial. Desse kallast for målbedrifter og har ein eigen utviklingsavtale med Suldal Vekst. Fleire av bedriftene i næringshagen har slike avtalar, og i tillegg har me ei rekkje bedrifter utanfor samlokaliseringa som  har målbedriftsavtalar.

Avtalane opnar for ekstra støtte og fleire ressursar å bruke på å følgje opp desse bedriftene, og målet er sjølvsagt auka verdiskaping og betre lønnsomhet for bedriftene. Ein del av bedriftene er i etablering og vekst-fase, medan andre er i driftsfase.

Det nasjonale næringshageprogrammet har følgjande målsettingar:
• Leggje til rette for bedriftsetableringar, vidareutvikling og vekst i eksisterande bedrifter
• Leggje til rette for auka verdiskaping i målbedriftene
• Bidra til økonomisk meirverdi for bedriftene som er knytt til næringshagen
• Bidra til å lette tilgang til internasjonale marknader og samarbeidspartnarar for målbedriftene
• Bidra til kopling til relevante nettverk regionalt, nasjonalt og internasjonalt

Kan hende er ein målbedriftsavtale noko for din forretningside og di bedrift?