Starte bedrift

Foto: Anne Lise NorheimHar du ein spennande ide?
Kan du tenkje deg å starte eiga bedrift?
Suldal treng folk med draumar som kan skape arbeidsplassar og optimisme!

 

 

 

Vegen frå idefase til oppstart og drift er ofte gjenstand for mange spørsmål.
Er ideen din god nok? Kan det bli ei levedyktig bedrift av dette? Vil den bli lønnsam? Kva selskapsform bør du etablere? Treng du hjelp frå andre, og i tilfelle kven? Vår målsetting er å hjelpe deg i gong med di bedriftsetablering. Gjennom råd og rettleiing ønskjer Suldal Vekst å hjelpe fram alle som vurderer å starte eigne føretak i Suldal.

Din kontakt til Suldal Vekst blir handsama konfidensielt.

Nokre gode råd:
Motivasjon: Grunnen til at du startar for deg sjølve kan vere avgjerande for suksessen. Det fins mange vegar til suksess, men motivasjonen bak engasjementet er avgjerande for å lykkast!

Lag ein plan: Med ein forretningsplan blir det klarare for deg og for andre kva som skal gjerast, og kva som trengst for å få bedrifta opp på beina. Grundig tanke- og papirarbeid i førekant er veldig viktig.

Forretningsplanen må innehalde:
1. Forretningsideen: Kva du skal gjere og kvifor du gjer det. Kva behov og forventningar skal ditt produkt/ teneste dekke?

2. Økonomi: Kva risiko er du villig til å ta? Kor mange pengar kan du eller vil du satse? Kvar kan du skaffe pengane?  Sett opp realistiske budsjett. Ikkje bland privat – og firmaøkonomi.

3. Produktet: Kva gjer produktet/ tenesta di unik og mogleg å selje?

4. Marknaden: Beskriv målgruppa, og analyser marknaden. Kvar skal du satse og kven skal du selje til? Kven er konkurrentane dine?

5. Organisasjonen? Skal du jobbe aleine eller med andre? Kartlegg nettverket ditt. Ver tydeleg på fordeler og svakheitar. Kva kan du sjølv, og kva treng du hjelp til?

6. Gjennomføringa: Tenk gjennom i detalj kva du vil skal skje. Utfordringa er ideane og så alt arbeidet som skal til for å foredle ideane til levedyktige bedrifter. Ideen har du! Som ein av 4o næringshagar i Norge hjelper me deg med lokalar og rådgiving, bidrar til å skape ei klynge av bedrifter, utviklar kompetanse, deltar i marknadsutvikling, kjenner FoU-miljø og koplar din ide med kapital.

Suldal Vekst samarbeider i tillegg med Suldal kommune, I-park, FMLA (Fylkesmannens Landbruksavdeling) og Innovasjon Norge om å hjelpe i gong dei som ønskjer å vurdere ide og potensialet for å starte eiga verksemd. Suldal Vekst har også tilgong på eit breitt nettverk av bedrifter og kompetanse som ofte kan vere til stor hjelp i etableringsprosessen.

Me ønskjer gjerne ein uformell samtale om din ide og med fokus på dine spørsmål og behov. Ingen forretningside er for liten eller for stor til å ta kontakt med oss.

Nyttige lenker ved etablering:
www.skape.no
www.altinn.no
www.etablerer.no