Videreutvikle bedrift

Foto: Anne Lise Norheim

Suldal Vekst er også eit tilbod til bedrifter som eksisterer frå før.

 

 

 

Når du kjem til oss med dine idear til vidareutvikling og vekst, kan du få hjelp til mellom anna:
• søknader
• forretningsutvikling
• marknadsarbeid
• prosjektleiing
• eiga kompetanseutvikling

Suldal Vekst kan også hjelpe til med å finne samarbeidspartnarar til di bedrift. Dette kan vere i høve til spørsmål som gjeld finansiering, leverandørar, styrekompetanse, kompetansemiljø, forskning og utvikling eller anna.

Lokaler i bedriftsmiljø
Suldal Vekst er samlokalisert med mange bedrifter og kan tilby attraktive forretningslokaler som er tilrettelagt for samspel mellom bedrifter. Lokala har fellesløysingar på praktiske kontorbehov.

Inkubatortilbod til gründerar og etablerarar
Sjølv med stor aktivitet i fylket vårt, er også Rogaland avhengig av at innovative og kompetansebaserte bedrifter blir etablert og utvikla/vidareutvikla i vår region. Ein inkubator bidrar til å utvikle innovative bedrifter i tidleg vekstfase og skal bidra til at ideane utviklar seg til vekstbedrifter – raskt og sikkert.

Ein inkubator kan gjennom nettverk og kompetanse vere med å løfte innovative prosjekt frå idestadiet til kommersialisering.

Suldal Vekst har eit godt samarbeid med Rogaland sitt inkubatormiljø hjå Ipark i Stavanger Meir informasjon om SIVA sitt inkubatorprogram og andre inkubatorar i Norge finn du på www.inkubator.no . Du kan også finne meir informasjon på www.ipark.no .

Har di bedrift eit potensial for å utvikle gode og innovative forretningsidear, kan dette programmet gi deg moglegheit til å realisere fleire gründerdraumar. Ta kontakt eller gi oss tips! All kontakt til oss blir konfidensielt handsama.