Bærekraftig Reisemål

I november fekk Suldal Vekst og Suldal kommune ei gledeleg tilbakemelding om at ein er akseptert som søjar av Innovasjon Norge si merkeordning Bærekraftig Reisemål. Les mer …

Norsk Stein 30- års jubileum

Gratulerer Norsk Stein med trettiårsjubileum! Dette er den største private bedrifta i indre Ryfylke og det største pukkverket i Europa. 10 millionar tonn er produsert til no i år, og ikkje mindre enn 800 båtar er lasta opp og sendt ut i Europa. Det er 200 tilsette i bedrifta.

Årets Merkurbutikk på Vestlandet

 I tillegg til å bli Gaselle vart Nærbutikken Nesflaten årets kjøpmann og årets Merkurbutikk på Vestlandet på Merkurkonferanse 2017. Joker Erfjord og Coop Marked Vadla fekk ærespris i Merkurprogrammet. Gratulerer til alle bedriftene!

Bærekraftig reiseliv

 Suldal har fått innvilga søknad for merkeordninga Bærekraftig Reiseliv hjå Innovasjon Norge. Dette er starten på eit arbeid for at Suldal skal bli ein bærekraftig destinasjon. Merket byggjer på ein standard som set tydelege krav til reisemålets evne til bærekraftig verksemd og utvikling. Merkeordninga er eit tilbod til norske reisemål som ynskjer å ta eit ansvar for reiselivets negative verknadar.

Gasellebedrifter

Energihotellet og Nesflaten Landhandel vart gaselle bedrifter dette året, gratulerer!

Ei gaselle er eit aksjeselskap som har levert godkjent rekneskap, dobla omsetninga på 4 år, har ei omsetning på over 1 mill kr første år, unngått negativ vekst og har positivt driftsresultat.

Visningstur på Discovery Route

Dagane 23 – 30 oktober kjørte Johannes C. Apon (Outdoorlife Norway) ein test-visningstur av Discovery Route. Med seg hadde han turoperatørar fra UK, Norge og Tjekkia. Les meir her.

Bli best på vekst!

3.samling på bedriftsutviklingsprogrammet Jakta på dei lønsame kundane er vel gjennomført. Bedriftsutviklingsprogrammet består av 4 samlingar, denne samlinga hadde som tema sal og service. Kva er god service og korleis kunne skape og behalde besøkjande og kundane er spørsmålet. Lars Helgeland i Merkurprogrammet losa kursdeltakarane godt gjennom programmet. Utviklingsprogrammet er i samarbeid med Suldal kommune, Rogaland Fylkeskommune, Merkurprogrammet og Suldal Vekst. Les meir om programmet her.

Kva er Læring i Næring?

Ungdom, det året dei går i 9.klasse, får moglegheit til å søkja praksisplass i ulike lokale bedrifter. Læring i Næring skal vera eit tillegg til den yrkesrettleiinga som vert gitt i skulen. Opplegget er frittståande frå skulen, praksis skjer på fritida. Bedriftene i Læring i Næring gir ungdomane ein sjans til å ”prøva ut” enkelte fagområde, få arbeidserfaring, knyta kontaktar mot framtidig arbeid, og kanskje bli så interesserte og motiverte at dei vel å ta ei vidaregåande utdanning innan det dei har fått  praksis i. Ei målsetting er langsiktig rekruttering til lokale bedrifter. Les mer …