Gullingen aktørane – jyseligt gildt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERAFjellbergskardet Hyttegrend, Mosvatnet Hyttegrend, Gullingen Turistsenter og Gullingen Utviklingsselskap i samarbeid med Suldal kommune arrangerte open dag 15.mars. Snø i lufta la ingen dempar på stemningen. Aktørane vart utfordra av Einar Olsen, kva tenkjer de om framtida? Det er mange tankar om utvikling av området, og no vert det jobba med bl.a. bru over Fidjåna. No kan du også finne desse aktørane samla på ny nettside www.gullingen.org og på Facebook.

Blue Dot – prosjekt elvekryssing

web-20130520-suldal-0577Blue Dot har hatt eit samarbeid med Suldalsskulane no i vinter på prosjekt elvekryssing. Korleis kjem ein seg over elva, jo kanskje ein må til med ei bru, men korleis lagar ein ei bru? Les meir her.

Suldalsbrosjyren 2014

Suldalsbrosjyren_2014Suldalsbrosjyren 2014 er her! Du finn den på butikken, bensinstasjonane og reiselivsbedrifter. Driv du næring så stikk gjerne innom Næringsparken så har me ei brosjyrehylle i 1. etg., her kan du berre forsyne deg! Høsebrua tek seg jo fint ut….

Kåring av årets Suldalsbedrift og -ambassadør

årets suldalsbedriftBli med og innstill kandidatar til årets Suldalsbedrift og årets Suldalsambassadør 2013 !  Send forslag, og kvifor denne kandidaten, til post@suldalvekst.no innan 20. februar. Merk e-post med Årets Suldalsbedrift eller Årets Suldalsambassadør. Arr.: Suldal kommune v/ Ordførar, Suldal Næringsforening og Suldal Vekst AS. Les meir om kriterier ved å trykkje på overskrifta. Les mer …

Etterutdanningskurs for yrkessjåførar.

IMG_1571_webSuldal Vekst er i samarbeid med Aof Haugaland godkjent kursarrangør for etterutdanningskurs for yrkessjåførar. Første kurs er gjennomført, påmeldingsfrist til neste kurs er 10.mars.

TV- Vest Ryfylkevegen

tvvest_2014TV- Vest har laga ein programserie på 8 delar som handlar om Ryfylkevegen. Flott presentasjon av natur, kultur, flinke folk og flotte bedrifter. Ta ein kikk då vel!