Yrkes- og utdanningsmessa 2017

Yrkes- og utdanninsmessa 2017 er vel blåst! Håpar at ungdommane har fått med seg nokre impulsar på kva retning dei tenkjer framtidig yrkesliv. Tusen takk til næringslivet som stiller opp, og det er jo nyttig å treffast slik på tvers av næringar og utdanningsvegar i regionen. I lag blir me jo veldig bra!

Bedriftsprofil : AdmMit

Etablert i 2014   Utviklar administrative system
Rune Furseth ville utvikle eit program som kunne effektivisere administrasjonen i bedrifter. Resultatet vart AdmMit. Les meir her. Les mer …

Ny forretningsutviklar i Suldal Vekst, Alf Aadnøy

2016-cv-alf-aadnoy-1 Det er fleire som spør etter tenestene våre, så me utvidar verksemda vår.  Me har nett fått med oss  Alf Aadnøy  i ny fast stilling som forretningsutviklar i Suldal Vekst.  Dette for å  for å møte behova til bedriftene, styrke kompetansen vår og satse offensivt.  Alf Aadnøy kjem i frå ProPlan og er busett på Underbakka i Suldal.
Me gler oss til å få  Alf med på laget på nyåret.

Auke i handelen med 8,3 prosent

butikk Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at Suldal har ei auke i handelen på 8,3 prosent første halvår 2016. Dette er betydeleg meir enn landsgjennomsnittet, som er vekst på  3,2 prosent. Suldal har fjerde beste vekst-tal i Rogaland. Dette er handel som omfattar alt som er tilgjengeleg i butikkane, med unntak av bensinstasjonar, bilforretningar og agentur. Omsetnaden er målt i kroner per innbyggjar, og Suldølen brukar kvar kr 26.161 på å handle lokalt –  dette er 2.009,- kroner meir enn dei første seks månadane i fjor. God Julehandel!

STILLING SOM FORRETNINGSUTVIKLAR

graf Det er fleire som spør etter tenestene våre, så me utvidar verksemda vår. Me opprettar no ein ny fast stilling som forretningsutviklar for å møte behova til bedriftene, styrke kompetansen vår og satse offensivt.  Som forretningsutviklar i Suldal Vekst As vil du få ein spennande jobb og ein allsidig kvardag, og den viktigaste oppgåva di vil vere å jobbe med innovasjons- og utviklingsarbeid i og for næringslivet.  I praksis betyr dette at du både skal jobbe tett saman med bedriftene våre for å identifisere nye moglegheiter, og at du skal vere ein god partnar når planar og strategiar skal gjennomførast. Les meir her. Les mer …

Læring i næring, Stølane barnehage,

Foto: Suldal kommune

Foto: Suldal kommune

I dag skal eg (Cinta Hondsmerk) intervjue Gerd Haugsland Kolstø (styraren i stølane barnehage) og Julia Kolanowska (LIN- eleven). Eg intervjua Gerd Kolstø ved barnehagen først, og Julia Kolanowska heime hos henne.  Stølane barnehage er den lokale barnehagen i bygda Erfjord, og er ein tre-avdelings barnehage. Den ligg i Stølane byggefelt og vart bygd i 1993. Les meir her.

 

Ryfylkedagane 3.-5.juni

A3.inddRyfylkedagane er rett rundt hjørnet! Marknadsdagen på Sand er laurdag 4. juni, plutseleg Sirkus og Eliasbåten kjem!
Nytt i år er Ryfylketelt på Verven heile helga! Fredag kveld vert det ungdomsarrangement, Neonnight, i Sandhallen. Program og meir informasjon finn du her.

Vertskap i Ryfylke sommaren 2016

Vertskapskurs Laurdag 21.mai vart det arrangert Hei-kurs og tur til Allmannajuvet i Sauda i samarbeid med Suldal Næringsforening – Reiselivsgruppa, Reisemål Ryfylke, Sauda Ferie og Fritid, Ryfylkemuseet og Ryfylkealliansen. Kjekt med samarbeid i Ryfylke, takk alle samarbeidspartar!