Møgedal Mekanisk Verkstad AS

F.v. Jørgen Lund, Leif Bakka. Foto: Cinta Hondsmerk

F.v. Jørgen Lund, Leif Bakka. Foto: Cinta Hondsmerk

Cinta Hondsmerk (14) og Maria Groven (14) har i gjennom LIN fått jobb hjå Suldal Vekst, der skal dei skrive artiklar om Læring i Næring 2015/2016. Denne gongen skal me (Cinta Hondsmerk og Maria Groven) intervjue Leif Bakka (leiar for Møgedal Mekaniske Verkstad AS) og Jørgen Lund (elev som er med i LIN). Møgedal Mek. vart stifta her i Suldal i 1973 av brørne Knut og Asbjørn Møgedal . Sidan den tid så har dei fått 12 tilsette. Les meir her. Les mer …

Hydro Energi – Nesflaten

F.v. Magrethe Engeskar, Inger Karin Skogen Nasedkina Foto: Maria Groven

F.v. Magrethe Engeskar, Inger Karin Skogen Nasedkina Foto: Maria Groven

Cinta Hondsmerk (14) og Maria Groven (14) har i gjennom LIN fått jobb hjå Suldal Vekst, der skal dei skrive artiklar om Læring i Næring 2015/2016.

I dag skal me (Cinta Hondsmerk og Maria Groven) intervjue Inger Karin Skogen  Nasedkina (resepsjonist i Hydro Energi på Nesflaten) og Magrethe Engeskar(elev som er med i LIN). Norsk Hydro vart stifta i 1905. Les meir her.

KV-Bygg Suldal, årets Suldalsbedrift 2015

IMG_1525Årets Suldalsbedrift 2015 er ei framtidsretta bedrift som veks og utviklar seg og skaper nye arbeidsplassar i Suldal. Ein kombinasjon av lokalt eigarskap, ein patriotisk leiarfilosofi, sterkt kundefokus og vilje og evne til å sjå moglegheiter i til tider krevjande marknader, har gitt Årets Suldalsbedrift mange og sterke bein å stå på. Gratulerer til KV-Bygg Suldal! Les meir om juryen si begrunning her. Les mer …

Årets Suldalsambassadør 2015 – Lise Bjelland

IMG_1493  …. Årets Suldalsambassadør må vel vere Lise Bjelland med gratismagasinet FRI! Eit magasin som oser av kvalitet både innhalds-og layoutmessig. Ho finn fram til den eine skatten i Skattkammeret Suldal etter den andre, og presenterer Suldal på ein fantastisk måte. Særleg den gode bildekvaliteten bidreg til dette! Lise Bjelland skriv om menneske, stader, aktivitetar, kultur og næringsinteresser med begeistring, kjærleik og respekt. Dette fører til godt omdømme og god merkevarebygging av Suldal. Slik var eit av innspela juryen fekk på kvifor Lise fortener denne prisen. Gratulerer! Les mer …

Rocka fett – Putte Svensson Sahlin

putte_1 Under arrangementet årets Suldalsbedrift 2015 hadde me besøk av Putte Svensson Sahlin, eit fyrverkeri av ein grunder! Han hadde råd om ein grunnmur for entrepenørskap basert på : Magkensla, Rocka fett og Skapa Cerd.  Har du lyst til å ta ein kikk på kva han tenkjer om utvikling så sjå her.

Framlegg til NTP

Suldal_0433 Avinor, Jernbaneverket, Kystverket og Statens vegvesen har lagt fram sitt felles plangrunnlag til Nasjonal transportplan for  2018-2029. Les mer …

Joker Vatlandsvåg

F.v. Martine Kjølvik & Helge Naustvik

F.v. Martine Kjølvik & Helge Naustvik

Cinta Hondsmerk og Maria Groven skriv artiklar om Læring i næring 2015/2016.
Me har snakka med Helge Naustvik og Martine Kjølvik. Joker Vatlandsvåg på Ropeidhalvøya i Suldal kommune er der me møter desse to. Dagleg leiar i bedrifta, Helge Naustvik, tek oss med inn på bakrommet der me får treffe Martine Kjølvik, eleven som er i arbeid. Les mer …

Kåring av årets Suldalsbedrift og -ambassadør

årets suldalsbedrift_Bli med og innstill kandidatar til årets Suldalsbedrift og årets Suldalsambassadør 2015 !  Send forslag, og kvifor denne kandidaten, til post@suldalvekst.no innan 8. februar. Merk e-post med Årets Suldalsbedrift eller Årets Suldalsambassadør. Arr.: Suldal kommune v/ Ordførar, Suldal Næringsforening, Bygdeutviklar FMLA og Suldal Vekst AS. Les meir om kriterier ved å trykkje på overskrifta. Les mer …

Suldal kommune – konkurranse

Suldal komm.logo frg 05_02
Suldal kommune ønskjer å bygge 4 bustader/leiligheiter for vanskeligstilte på gnr/bnr 103/238 i Maleniusåsen. Tomta (illustrasjonsbilete) er byggeklar. Konkurransen (totalentreprise) er lagt ut på Doffin (nasjonal kunngjøringsbase for offentlige anskaffelser). Konkurransegrunnlag Suldal Bustad Vanskelegstilte Maleniusåsen. Ta kontakt med Suldal kommune v/ Lauritz Lauritzen på telefon 91379139 dersom spørsmål.

Skinka frå Suldal med pris i Det Norske Måltid!

skinka_forside_ny

Målbedrifta Fjellmat frå Suldal fekk prisen for «årets kjøtt foredlet» i finalen i Det Norske Måltid.
Juryen sin uttale var: Gode råvarer, produksjon og modning i fantastisk natur gjør at produktet hevder seg blant de beste, uttrykket ”smelter på tunga” blir ofte brukt når skinken serveres.
Gratulerer så mykje!