Discovery Route

DiscoveryRoute_TM_SA_2013_webDiscovery Route™ er ei historisk reiserute frå 1880 åra. Reiseruta gjekk frå Stavanger til Bergen gjennom fjordane i Ryfylke. Turen frå Stavanger via Sand, Suldal og Bratlandsdalen til Røldal og vidare til Haukeli eller Odda blei marknadsført som ein av dei flottaste rutene Norge hadde å tilby.

21.og 22. februar 2013 var historiske dagar med stiftingsmøte for Discovery Route SA. Desse bedriftene var med på stiftinga: Skysstasjonen Røldal, Myrkdalen Hotel, Mo Laksegard, Energihotellet, Hordatun Hotel, Verkshotellet AS, Spa-hotell Velvære og Hotel Ullensvang. Leiar er Bjørn Moe. Sjå meir på http://discoveryroute.com