Ungt Entrepenørskap

uelogom.tekst_3Suldal Vekst AS arbeider med Ungt Entrepenørskap gjennom fleire satsingsområde:
1. Læring i næring
2. Grundercamp
3. ”Sjå Muligheiter” tidligare Etablerardag for grunnskule
4. Etablerar verkstad
5 Yrkes- og utdanningsmesse

1.Læring i næring
Læring i Næring er eit tiltak som skal være med på å gi ungdom kjennskap til lokalt næringsliv og ulike yrkesretningar. Dette er eit tilbod til motiverte og interesserte ungdommar som går i 9. klasse. Ungdommane vil få mogligheit til å bli kjend med bedrifter i Suldal, og gjerne danne grunnlaget for utdanningsval. Praksis vert lagt til fritid, feriar og eventuelt etter skuletid.

2.Gründercamp
Gründercamp er ein treningsleir i kreativitet og nyskaping. Elevane får eit reelt oppdrag med ein definert problemstilling som dei skal presentera ei løysning på innan eit avgrensa tidsrom. Oppdraget blir gitt av ei bedrift eller organisasjon frå privat eller offentlig sektor. Elevane jobbar med oppdraget i grupper på 3–6 elever og presenterar løysninga for ein jury, som kårar ein vinnar ut ifrå gitte kriteriar.

3.”Sjå Muligheiter” (Etablerardag).
Sjå muligheiter! er tilpassa ungdomstrinnet og egner seg særs godt som ein oppstart for Elevbedrift. Programmet belys blant anna spørsmål som kva er ein entreprenør? Kvifor er entreprenørskap ein føresetnad for all verdiskaping? ” Sjå Muligheiter-programmet ”er retta i mot ungdomstrinnet og blir gjennomført av ein ekstern rådgjevar frå det lokale næringslivet saman med grunnskule. Programmet er tverrfagleg og dekkjer kompetansemål i norsk, samfunnsfag, kunst og handverk, naturfag og utdanningsval.

4.Elevbedrift
Elevbedrift er eit pedagogisk program der elevar i ungdomsskulen erfarer kva det inneber å starte, driva og avvikla sin eigen bedrift, med skulens lærarar og andre, eksterne ressurspersonar som rådgjevar. I seks fasar går elevane gjennom prosessen frå etablering til avvikling av elevbedrifta.

5. Yrkes- og utdanningsmesse
Næringslivet i Indre Ryfylke saman med utdanningsinstitusjonar, vidaregåande skular og grunnskule vil synleggjera for ungdomar i vår region kva muligheiter dei har lokalt for jobb og yrkeskarriere. Hovudvekta vil være på yrkesval og orientering om desse. Arrangørane for 2013 er Sauda Vekst AS, Suldal Vekst AS, Rytopp, Sauda Vidaregåande skule, Sauda og Suldal Kommune. Bli med oss på rekrutteringsarbeid med satsing på framtida!

Suldal Vekst samarbeider med Ungt Entrepenørskap Rogaland (link)