Gullingen

Layout 1Suldal Vekst arbeider saman med Suldal kommune, Gullingen Utviklingsselskap, Fjellbergskardet Hyttegrend, Hjelmeland Tomteutvikling og Gullingen Turistsenter om styrking og vidareutvikling av Gullingenområdet som attraktivt regionalt rekreasjons- utfarts- og hytteområde.

Dei nevnte partane har inngått ein samarbeidsavtale over to år. Leiar for gruppa er Jan Nilsen v/Gullingen Turistsenter.

.

Ungt Entrepenørskap

uelogom.tekst_3Suldal Vekst AS arbeider med Ungt Entrepenørskap gjennom fleire satsingsområde:
1. Læring i næring
2. Grundercamp
3. ”Sjå Muligheiter” tidligare Etablerardag for grunnskule
4. Etablerar verkstad
5 Yrkes- og utdanningsmesse Les mer …

Discovery Route

DiscoveryRoute_TM_SA_2013_webDiscovery Route™ er ei historisk reiserute frå 1880 åra. Reiseruta gjekk frå Stavanger til Bergen gjennom fjordane i Ryfylke. Turen frå Stavanger via Sand, Suldal og Bratlandsdalen til Røldal og vidare til Haukeli eller Odda blei marknadsført som ein av dei flottaste rutene Norge hadde å tilby.

21.og 22. februar 2013 var historiske dagar med stiftingsmøte for Discovery Route SA. Desse bedriftene var med på stiftinga: Skysstasjonen Røldal, Myrkdalen Hotel, Mo Laksegard, Energihotellet, Hordatun Hotel, Verkshotellet AS, Spa-hotell Velvære og Hotel Ullensvang. Leiar er Bjørn Moe. Sjå meir på http://discoveryroute.com

Bærekraftig reisemålsutvikling

Norsk reiseliv hadde i 2016 eit rekord år, og ein ser at reiselivsnæringa i Suldal er ein del av den globale turistnæringa med betydeleg internasjonal trafikk. Dette inneber både muligheiter og utfordringar. For at reiselivsnæringa i Suldal og Ryfylke skal vere konkurransekraftig må ein følgje med på trendane i utviklinga, bærekraft er ein av desse trendane.  Innovasjon Norge har lansert ei merkeordning for Bærekraftig Reisemålsutvikling.  I utviklingsavtalen med Suldal kommune har Suldal Vekst i oppdrag å arbeide med reisemålsutvikling, me meinar at ordninga til Innovasjon Norge vil vere eit framtidsretta og strategisk godt verktøy for å styrkje reiselivsnæringa og kommunen sitt arbeid med reisemålsutvikling. I same ordninga vil ein kunne innfri måla som Suldal kommune har satt i kommuneplanen om utvikling av besøksnæringane og reiselivsplan for Ryfylke.

Det har vore gjennomført fleire informasjonsmøte om Berekraftig Reisemålsutvikling bl.a. møte med Suldal kommune og Suldal Næringsforening  7. oktober, orientering i frå Lysefjorden utvikling og temamøte reiseliv 17.oktober med orientering i frå Geilo. Geilo er godkjent som berekraftig reisemål og Lysefjorden er i gang med sitt arbeid. Berekraftig Reisemål som Suldal Vekst si tilnærming til å arbeide med strategisk reisemålsutvikling var også eit tema i Suldal Vekst sitt halvårlege dialogmøte med formannskapet hausten 2016.

Suldal er allereie registrert og «godkjent» som potensiell søkjar hjå Innovasjon Norge, og det er bekrefta at Suldal kan starte arbeidet med merkeordninga. Ein godkjent rettleiar for arbeidet er engasjert for å kunne bistå i arbeidet. For å kunne komme eit skritt vidare, og utløyse midlar frå Innovasjon Norge, må det gjerast eit vedtak i kommunestyret om at Suldal kommune vil arbeide for å utvikle reiselivet i eit berekraftig perspektiv og at ein har ein ambisjon om å oppnå merket for Bærekraftig Reisemål.

Berekraftig reisemålsutvikling_vedtak_Suldal kommune

Suldal har pr november 2017 fått innvilga søknad for merkeordninga Bærekraftig Reiseliv hjå Innovasjon Norge. Dette er starten på eit arbeid for at Suldal skal bli ein bærekraftig destinasjon.

Statnett

statnett
Statnett er i gang med to større prosjekt her i regionen: Englandskabelen (NSN) og Vestre korridor med transformatorstasjonar og kraftledningar. Det vert stor aktivitet framover, me vil her leggje ut informasjon om prosjekta, sjå også Statnett.no.

Presentasjon for Næringslivet 14.januar 2015 finn du her

Anskaffelsesoversikt for Vestre korridor, sjå her:
http://www.statnett.no/Nettutvikling/Vestre-korridor/Anskaffelsesoversikt-for-Vestre-korridor/

Informasjon om Englandskabelen:
http://www.statnett.no/Nettutvikling/Kabel-til-England/

HMS-dag med Statnett 8.april 2015, presentasjonar:
HMS i Statnett
Byggherreforskrift – Internkontroll
Forventninger til leverandører
Statnetts HMS krav