Har du ein ide som du vil sette ut i live, eller ein draum om å skape din eigen arbeidsplass? Oppdraget vårt i Suldal Vekst er å gi bedriftene våre rom og verktøy til å Spire, Vekse og Gro, som ein lett tilgjengeleg partnar for næringslivet i Suldal og Ryfylke. Dette kan handle om hjelp og rådgjeving til utvikling av forretningsidear, marknads- og prosjektplanlegging, strategiarbeid, finansiering, bedriftsutvikling og organisering av ulike utviklingsaktivitetar og arrangement.
Har du ein ide og ønskjer å starte bedrift, men veit ikkje heilt korleis du skal koma i gang? Suldal Vekst ønskjer at fleire får realisert sine idear, slik at det blir fleire verksemder som kan veksa og gi arbeidsplassar i framtida.
Me bidrar til at etablerte bedrifter skal få best mogleg føresetnadar for å vekse vidare. Me kan bidra med ideutvikling, marknadsutvikling, finansierings-ordningar, nettverk, ulike vekst- og mentorprogram, styrebank og annan kompetanse.
Som ei næringshagebedrift bidrar du til å styrke eit regionalt kompetansemiljø for næringsutvikling, og legg grunnlaget for arenaer og klynger for samarbeid og utvikling.
Laila Steine, dagleg leiar
Å vera ei Miljøfyrtårn-bedrift stiller krav til oss om avfallshandtering, energireduserende tiltak, gode HMS-rutiner, miljøkrav ved innkjøp og miljøfokus ved transport. Sertifiseringen gir oss konkrete verktøy for miljøleiing, som gjer det enklare å lykkast med ei grøn omstilling.
Me ser Miljøfyrtårn som eit viktig samfunnsengasjement. Dette arbeidet gjer oss som firma og våre tilsette miljømedvitne i dei vala vi tar.