Loading Content..

5 kjappe om Katapultordninga

Norsk Katapult er ei ordning som legg til rette for at det skal vera enklare og meir økonomisk å raskt teste ut nye idear og prosjekt. Her er ei kort oversikt over det du treng å vite om moglegheitene det gir deg og di verksemd!

Kva er Norsk Katapult?

Norsk Katapult er ei ordning med nasjonale senter som stiller sine fasilitetar, utstyr, kompetanse og nettverk til rådighet til grunderar og verksemder som ønskjer å utvikle ein ny ide. Ordninga er etablert for å styrke innovasjonsevna for små og mellomstore bedrifter over heile landet slik at vegen frå konseptstadiet (idear) og fram til marknadsintroduksjon blir så enkel og kort som mogleg.

Kva er eit katapultsenter?

I dag er det 5 katapultsentre i Noreg med forskjellig fokus og tema. Ambisjonen er 7-9 katapultsentre nasjonalt som har kvart sitt fagområde. I dag er det senter for produksjonsteknologi, berekraftige energisystem, innovativ havnæring, virtuelle prototypar og materialutvikling. 

I alle bransjar konkurrer verksemdene i stadig aukande grad på å betre kvalitet, funksjonalitet, design og kostnadseffektivitet. Katapultsentra skal i hovudsak ta ned risikoen for verksemdene i utviklingsjobben.

Kva kan eit katapultsenter gjera for meg og mi bedrift? 

Det å gjennomføra ein utviklingsjobb er ofte både tids- og kostnadskrevjande. 

Katapultsentera kan eksempelvis stille sin kompetanse til rådigheit for å kunne avklare prosjekt og gi råd om vegen vidare. I tillegg kan dei vera med på å utvikla prototypar, testa løysningar, simulera, og visualisera slik at idear kan bli testa raskt, betre og med mindre risiko.

Kva kostar det av pengar og ressursar å  vera med på eit katapult-prosjekt?

Katapult-sentra får midlar for å støtte opp om verksemder over hele landet. I tillegg kan små og mellomstore bedrifter gjennom Næringshagen få støtte på inntil 100.000,- kroner til prosjekt. Dette gjer at inngangsbilletten til å få gjennomført et Katapultprosjekt skal vera låg, og som regel er eigeninnsatsen den største kostanden.

Kva kan Næringshagen gjera for meg mot Katapult?

Næringshagen blir ein viktig støttespillar inn mot Katapultsentrene, kor me har eit ekspertpanel som hjelper deg med å finne dei aktuelle prosjekta for di verksemd, og kan vera med å finne kva Katapultar som passer. I dei fleste prosjekta vil det vera en miks av fleire katapultsentre for å koma til mål.

I tillegg vil Næringshagen kunne tilby støtte til prosjektet med inntil 100.000,- kroner, og kan vera med å finne annan finansiering vidare til prosjektet. Søknadsprosessen er kort og gjerast av Næringshagen, og det er løypande søknadsfrist med rask behandlingstid.

Me vil være med undervegs i prosjektet og kan gi råd med grunnlag i erfaringar frå andre verksemder som har vore i liknande situasjonar.

    Leave Your Comment Here