Loading Content..

56 verksemder deltok på digital yrkesmesse

Yrkes- og utdanningsmessa er eit årleg rekrutteringsarbeid der målet er å knyte ungdommar i Suldal og Sauda opp mot næringslivet i regionen for å synleggjera utdanningsmoglegheiter, yrkesval og lærlingplassar lokalt. I år, som i fjor, blei yrkesmessa holdt digitalt grunna aukande smittetal i regionen. Tema for året var «Framtidas yrker».

Den digitale messa blei arrangert via yrkesportalen utdanningiryfylke.no som er ein heilårig portal der verksemder i regionen har sin eigen profil. Målet er at denne nettsida skal bli tatt i bruk av ungdom og arbeidssøkjande som ønskjer ei innsikt i kva regionen har å tilby i forhold til utdanning- og yrkesval. I tillegg arrangerte ein på messedagen den 20. januar eit digitalt seminar i form av introduksjonsseminar, lærlingseminar frå RYTOPP, inspirasjonsseminar frå arkitekt Guro Fløgstad, innslag rundt viktigheita av berekraft for framtidas yrkes frå FN-sambandet og ei rekrutteringsavis levert av Ryfylke LL. Omlag 600 elevar tok i bruk seminarsida under messedagen, og seminara vil vera tilgjengelege gjennom heile året via denne sida.

Heile 53 bedrifter og utdanningsinstitusjonar frå regionen deltok i yrkes-og utdanningsmessa i 2022. Dette var representantar frå bygg og anlegg, høgskular og universitet, teknologi og industri, helse og omsorg, naturbruk og meir. 

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal, der ein kvart år når ein ut til omlag 800 elevar i 10. trinn og den vidaregåande skulen.

    Leave Your Comment Here