Suldalsvertar 2018

Suldalsvertar 2018Visit Suldal er snart klare for ein aktiv og spanande sommarsesong. 12.mai var det vertskapskurs for Suldal sine sommarvertar i 2018. Denne gjengen med flotte ungdommar skal ta imot gjester både på turistkontoret og i laksestudioet. Dei kjem og i år til å gjennomføre ei gjesteundersøking, slik at me stadig kan tilby gjestene våre ei betre oppleving. Velkommen til Suldal!