Loading Content..

Årets Suldalsambassadør 2021

Anders Mol, Christian Sørum og Kåre Mol mottok i dag prisen for Årets Suldalsambassadør 2021.

Kåre Mol, Anders Mol og Christian Sørum. Foto: Nora Bogetvedt Jenssen.

Her er grunngjevinga frå juryen:

Årets Suldalsambassadørar treng i grunnen ingen nærmare presentasjon. Det er kjent for ei heil verd kva dei har oppnådd på sandvolleyballbanen. Det dei har gjort samstundes er å setje Suldal på kartet både nasjonalt og internasjonalt.

Årets Suldalsambassadørar er rause, inkluderande og byr på seg sjølve uansett kva arena dei opptrer på. Dei inspirerer, begeistrar og motiverer barn, unge og vaksne til å følgje draumane sine, til å arbeide hardt og meinar at me oftast blir best ilag. Meir enn ein gong har me høyrt dei uttale at «We are a team – not individuals». Verdiar som er bygde på vennskap, respekt og glede, om å dele og om å dyrke styrke i kvar og ein for å nå felles mål. Dette er verdiar som me alle kan ta til oss anten det handlar om idrettsprestasjonar eller samfunns- og næringsutvikling.

Dei deler viljug av gullglansen og sin vikingmentalitet med så mange og seier det høgt. Dette skaper store ringverknadar, strålande profilering og omdømmebygging for TVN, for den vidaregåande skulen, for Suldal og regionen.

Årets ambassadørar får prisen som eit lag og er eit gulleksempel på å dele mål og visjonar og stå saman for å gjere draumane verkelege. Dei deler med kvarandre og bokstaveleg talt spelar kvarandre gode – både på og utanfor banen.

Takk for at de får skattkammeret til å skina – me er stolte og audmjuke over å få lov til ta del i dette eventyret. Makan finst faktisk ikkje! 

Om prisen: Årets Suldalsambassadør skal gå til ein person, bedrift eller organisasjon som gjennom engasjement og begeistring set Suldal på kartet på ein positiv måte. Suldalsambassadøren skaper aktivitet, godt omdømme og bidreg til god merkevarebygging av Suldal regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Juryen i Årets Suldalsambassadør 2021 er: Ordførar Gerd Helen Bø, Olav Lindseth (Leiar, Suldal Næringsforening), Astrid Brommeland, bygdeutviklar, Odd H. Aksland (styreleiar, Suldal Vekst AS) og juryleiar Laila Steine (dagleg leiar, Suldal Vekst AS)

    Leave Your Comment Here