Suldal Bondelag

Suldal Bondelag er bøndene i Suldal sin fagorganisasjon. Me har 161 medlemmer som er aktive bønder. I tillegg er ein del andre personar støttemedlemmer i organisasjonen vår. Bondelaget er eit viktig bindeledd mellom den einskilde bonde og staten. Me ynskjer å leggja til rette for at så mange som ynskjer det skal få tilbod om praksisplass i landbruket gjennom Læring i Næring. Det er viktig at du som er interessert i ein slik jobb gjev oss tilbakemelding, og så vil me forsøkja å finna ein bonde i ditt nærmiljø som du kan arbeide hjå.

Arbeidsoppgåver

Arbeid på ein gard passar godt for deg som er glad i fysisk arbeid. Gjennom stell og foring får ein også god kontakt med dyr. For å trivast er det viktig at du likar å ha kontakt med dyr. I fjøset er ingen arbeidsdag lik, enkelte dagar kan du kanskje få oppleve ei kalving?

Bedriftsbesøk

Det vil bli bedriftsbesøk på eit gardsbruk for å sjå at bondeyrket er mangfaldig. Ingen gard er lik, og den enkelte bonde formar langt på veg sin eigen arbeidsplass sjølv. Veke 38/29.

Søknad og søknadsfrist

22 september

Les heile stillingsannonsa her

Søknad sendes via skjema på sida.

Kontaktinformasjon

Johannes Fattnes

Leiar

E-post: fattnj65@gmail.com

Tel: 913 52

Andre bedrifter:

Prosjekt

Design og utvikling: Omega 365 Design