Loading Content..

Bli med på framtidas rekrutteringsarena for Indre Ryfylke

 I år er me stolte over å presentera ein heilt ny arena, ein digital marknadsplass der me vil visa fram ulike yrke, næringslivet, grunderverksemda og arbeidsmarknaden i regionen vår!
 
Målet med portalen er i første omgang å synleggjera næringslivet for lokale ungdomar, men og å  skapa ein arena for rekruttering av arbeidskraft, der bedriftene som deltek vil vera synlege gjennom heile året. 

Ei samla oversikt over moglegheitene innan yrkes- og arbeidsliv styrke attraktiviteten til regionen vår.

Kva er YUM?

Yrkes- og utdanningsmessa er eit samarbeid mellom Sauda vgs, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.  
YUM når ut til 600 elevar på 10.trinn og Sauda vgs og føremålet er å skapa ein rekrutteringsarena som er forankra i lokalt nærings- og arbeidsliv. 
 
Me har eit allsidig og aktivt næringsliv i regionen, og nokre næringar opplever mangel på kvalifisert arbeidskraft i dag. Det same ser me viss me rettar blikket framover, og ser 5-10 år fram i tid. Gjennom YUM ønskjer me å synleggjera kva som er viktig no og i tida framover, og bidra til å inspirera ungdommane som skal velja utdanningsløp.

Frå YUM 2020

Kva er annleis i år?

Covid19 har gjort at me må tenkje nytt i forhold til den tradisjonelle yrkes- og utdanningsmessa. Dette har samtidig gitt oss høve til å sjå på korleis me kan skapa ein plattform som kan nå breiare ut og leva gjennom heile året. 

Ved å kombinera it-verktøy med tidlegare erfaringar har me i år etablert ein digital marknadsplass for yrkes- og utdannningsval i Indre Ryfylke. Her vil me presentere behovet og moglegheitene for utdanning og yrkesval, konkurransar, rollemodellar, showroom/ speed-date og yrkesretta seminar.

På den digitale plattformen kan ikkje alle delta direkte og «live», men med eit godt  bodskap vil bedrifta vera synleg for alle som besøker nettportalen. Målet er at dei besøkande tenkjer at nettopp di bedrift representerer interessante arbeids- og studieplassar.

Nettstaden skal brukast av 600 ungdommar på Sauda vgs og 10. trinn i Sauda og Suldal både før og etter sjølve kickoff-dagen 21. januar 2021.I tillegg vil arbeidssøkjarar, NAV og intro-tenesta bli oppfordra til å bruke sida som informasjon for yrkesval og rekruttering lokalt og regionalt. 

Hovudfokuset er rekruttering med fokus på yrke-, utdanning- og yrkesval.  Ingen er betre formidlarar enn bedriftene sjølve til å leggje innhald inn under dei ulike yrkestitlane og me ønskjer dykk velkomne til å bli med!

Marknadsplassen vil bli administrert av Suldal Vekst i samarbeid med Sauda Vekst i 2021.

Kva er nytteverdien for deg?

  • Synleg på samla nettstad for rekruttering til ein variert og spennande arbeidsmarknad i Suldal og Sauda. 
  • Sparer ressursar og t.d. reklamemateriell ein vanlegvis bruker på yrkes- og utdanningsmessa.
  • Når fram til ungdommar på skule, arbeidssøkjande og andre som ser etter arbeid i regionen vår – heile året. 
  • Lett å finne fram til kontaktpersonar innan yrkeslivet i regionen.
  • Marknadsføring for di bedrift lokalt i samanheng med ein region.

Kva kan me tilby deg?

  • Felles digital arena for privat/ offentleg næringsliv og utdanningsinstitusjonar  og synleggjering av behov for kompetanse i næringslivet, no og i framtida. 
  • Byggje fellesskap på tvers av bransjar i vår region.
  • Samarbeid for relevant informasjon til lokal ungdom i grunnskule og på vidaregåande skule som verkemiddel i undervisninga og alternativ til hospitering.
  • Supplement til rådgjevarar i skulane i  arbeidslivsfag og utdanningsval.
  • Marknadsføring og kommunikasjon – sidene blir oppdaterte
Eksempelside for bedrifter/digital stand

For å sjå utkast av den nye marknadsplassen klikk her. For meir informasjon om tilgjengelege pakkar og påmelding klikk her. For å gå direkte til påmeldingsskjemaet klikk her.

    Leave Your Comment Here