Loading Content..

Flytta heim

Familie © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Suldal skal vera ein god plass å bu og leva.

Suldal er klar for å ta imot deg og familien din. Her kan du leve det gode livet, med spanande jobb, gode oppvekstvilkår for barna og ei aktiv fritid.

Eigedom
Det finst både rimelege og attraktive tomter og hus i Suldal. Sjå gjerne buisuldal.no for å få oversikt over ledige tomter. Ta gjerne kontakt med KV Bygg Suldal eller Suldal Hyttebygg for informasjon om hus.

Jobb
Me har varierte jobbmoglegheiter. Ta gjerne kontakt med Suldal Vekst for meir informasjon om ledige stillingar i både offentleg sektor og privat næringsliv.

Skule og barnehage
I Suldal er du garantert barnehageplass. Barnehagane våre er ei god havn for dei små. Her kjenner ein dei som jobbar i barnehagane og kvardagen er både spanande og trygg.

Ta gjerne kontakt med oss på post@suldalvekst.no dersom du ynskjer meir informasjon om etablering i Suldal kommune.