Loading Content..

Delte ut Miljøfyrtårndiplom til lokale bedrifter

|Pressemelding|

Under lunsjmøte hjå Suldal Vekst onsdag 24 april delte ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø, ut Miljøfyrtårndiplom til bedriftene som er miljøsertifisert i kommunen. Per i dag er fem bedrifter sertifiserte i Suldal, tre av desse er nye i 2019.

Dei som fekk diplomet under lunsjmøtet er: Svein Klungtveit AS, Norconsult Ryfylke og Suldal Vekst AS. Energihotellet fekk også diplom, men var ikkje tilstades under møtet. Bedrifta som har vore sertifisert Miljøfyrtårn lengst er Ryfylkemuseet. Dei har allereie hatt sertifiseringa i fem år og fekk i 2018 resertifisering for tre nye år. 

– Sidan Suldal er i ferd med å bli eit berekraftig reisemål er det positivt at det er fleire bedrifter som ynskjer å bli Miljøfyrtårnsertifiserte, det er ein flott måte å vise at dei tar miljøet på alvor, meiner ordførar Gerd Helen Bø. Ho legg vekt på at Suldal kommune også arbeider med å få fleire av sine avdelingar sertifiserte og ynskjer samstundes at stadig fleire bedrifter i kommunen skal oppnå statusen.

– Gjennom Miljøfyrtårnsertifiseringa har Suldal Vekst dokumentert at me jobbar systematisk og målretta med vårt miljø- og klima arbeid. Me ønskjer å signalisere at selskapet tar sin del av samfunnsansvaret for ei meir berekraftig framtid, seier dagleg leiar i Suldal Vekst, Laila Steine. 

– I tillegg er Suldal Vekst destinasjonsleiing for Suldal sitt arbeid med å bli eit meir berekraftig reisemål, og det var difor ikkje noko spørsmål om me skulle jobbe for ei Miljøfyrtårnsertifisering.  Det er i tillegg smart å ha fokus på dette, og eg nyttar gjerne høvet til å oppfordre fleire til å få på plass sitt «sertifikat» for miljø- og klimaarbeid i sine verksemder, slår Steine fast.

– Sertifiseringa er viktig for å vise at me har ein del sentrale rutiner på plass, seier Olav Lindseth som er dagleg leiar ved Energihotellet. Han viser til at mange av dei som besøkjer hotellet er opptekne av miljø og ynskjer at hotellet skal vere bevisste på matsvinn og miljøvennlege tilpassningar.

– Matsvinn har me til dømes jobba for å få ned, i dag har me veldig lite, seier Lindseth. Han meiner og det er positivt at fleire bedrifter no blir sertifiserte.

Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for virksomheter som vil dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. Miljøfyrtårn er eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøledelse, som hjelper verksemder å skape konkurransefortrinn av berekraft. Miljøfyrtårnsertifisering er anerkjent av styresmakter ved offentlige innkjøp, og godkjent som miljødokumentasjon i anbodskonkurransar.

Fleire bedrifter ser verdien av Miljøfyrtårnsertifiseringa. Miljøfyrtårn gir næringer smarte verktøy for å jobbe konkret med bærekraft innen områder som arbeidsmiljø, avfallshåndtering, energibruk, innkjøp og transport. Ikkje minst blir ein konkurransedyktig, styrker merkevara si, får eit kvalitetsstempel på arbeidet ein legg ned, og bygger godt omdømme.

Suldal Vekst ynskjer at fleire bedrifter satsar på sertifisering og har eit mål om at fem nye bedrifter også skal bli sertifisert i løpet av 2019.

    Leave Your Comment Here