Loading Content..

Digitale bransjekurs

Handelshøyskolen BI Executive har etablert 12 gratis treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Kursa er strukturert med tanke på bransje, der kvart program er delt inn i tre underkurs som kan bli tatt for seg sjølv eller som ein serie. Alle kursa blir gjennomført som webinar til faste tider for å gjera det enkelt og lett tilgjengeleg for dei som ønsker å auke sin kompetanse. Kursa går over omtrent tre veker og det er ingen opptakskrav.

Dei ulike bransjeprogramma er som følgjer:

Detalj- og faghandel 

Kursserien Bærekraft som konkurransefortrinn

-Bærekraft som  forretningsmodell og konkurransekraft 

-Bærekraftige strategier og innovasjoner 

Grønn markedsføring og kommunikasjon  

Kursserien Digital forretningsforståelse

– Digital forretningsstrategi

– Den digitale transformasjonen

– Digital kommunikasjon og sosiale nettverk

Les meir her: www.bi.no/detaljogfaghandel  

Reiseliv (ikkje kulturlivet)

Kursserien Bærekraft som konkurransefortrinn:

-Bærekraft som  forretningsmodell og konkurransekraft 

-Bærekraftige strategier og innovasjoner 

-Grønn markedsføring og kommunikasjon  

Les meir her: www.bi.no/reiseliv  

Elektro/automasjon/kraft/fornybar 

Kursserien Bærekraft som konkurransefortrinn:

  • Bærekraft som  forretningsmodell og konkurransekraft 
  • Bærekraftige strategier og innovasjoner 
  • Grønn markedsføring og kommunikasjon  

Les meir her: www.bi.no/elenergi

Det er viktig at den som søker arbeider innanfor ein bransje som kjem inn under dei ulike definisjonane i dei tre bransjeprogramma. Tilbodet gjeld permitterte, arbeidsledige og tilsette, og ein mistar ikkje dagpengar ved å delta. Tek ein alle tre kursa har ein også moglegheit til å få 7,5 studiepoeng gjennom å ta ein avsluttande eksamen.

Kursa er utvikla gjennom eit samarbeid mellom høgskulen, staten og ulike partar i arbeidslivet, administrert av Kompetanse Norge. Målet er å auke kompetansen innanfor ulike utvalde bransjar som har blitt spesielt ramma av koronapandemien. Meir informasjon om bransjeprogramma finn ein her.

    Leave Your Comment Here