Loading Content..

Ein midtsommars draum

På garden Bakkjen på Hebnes er dei ikkje redde for å tenkja nye tankar. Men ikkje berre tenkjer dei, dei set det ut i livet også. For ekteparet Toyni Tobekk og Arild Hebnes har læringskurva stige rett til himmels det siste året. Nå blir det vin frå Suldal til sommaren!

I dei sørvendte bakkane står nå heile 4300 plantar og smiler mot fjorden. Ulike druesortar, og det spanande og næringsrike bæret haskap, skal til sommaren resultera i dei aller fyrste, edle dropane frå garden deira. Neste år kjem 1700 nye plantar i jorda, og målet om 6000 plantar blir nådd. Desse skal dei hauste av i mange år framover. 

-Veldig spanande og mykje arbeid, seier dei ferske vinbøndene om prosessen. Nå har dei vore gjennom eit heilt vinår og veit kva som krevs til ei kvar tid. Det er ikkje noko latmannsliv å skapa vin, men så er det ikkje det dei traktar etter heller. Nytenking, satsing og resultat triggar noko i dei begge. I tillegg til vinproduksjon driv dei også med smågris, sau og det innovative hyttefeltet Ryfylke Fjordhage.

Det heile starta med at dei kasta alternative ballar opp i lufta for å sikra at Arild kunne forsetje som heiltårsbonde når dei nå legg ned grisedrifta. På eit tidspunkt var dei innom tanken om epletre i bakkane, men så kom dei på han som sa at Hebnes ville passa ypperleg til dyrking av druer. Dei hadde også høyrt at om det veks kristtorn vilt, ja så ville drueplantar også trivast i same området. Nå ser det ut til at dette stemmer. Første avling er i hus, og den er mykje større enn venta! 

Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Nå ligg druer og bær til gjæring i store ståltankar. Kvar dag må dei målast og vaktast, før neste trinn i prosessen skjer ein gong på nyåret. Då kjem vinmakarane til gards. Fine ganar og gode nasar skal setje saman smak og armona, før vinen igjen skal få kvila seg, denne gong i flaskene sine fram til sommaren. 

Rødvin, kvitvin og rosèvin står å klukkar nøgde i tankane sine, og på golvet står ei litt meir beskjeden bøtte. Oppi der ligg det faktisk ein orangevin å kosar seg! Til sommaren inviterer dei til gardsbesøk kor grupper skal få omvisning og læring, og sjølvsagt få nippa til dei nye vinane. Kva namn dei skal få, er endå ikkje klart. Men at også dei blir lokalt forankra, skal ein ikkje sjå vekk i frå. Ekteparet smiler lurt mot kvarandre, og røper at dei har ulike forslag på blokka. 

-Å ha Suldal Vekst med oss på laget er heilt avgjerande for oss. Dei var til uvurderleg hjelp då me utvikla konseptet Ryfylke Fjordhage, derfor fall det oss heilt naturleg å ha dei med oss på laget når me nå vidareutviklar drifta vår med gardsturisme.

Av: Maria Klungtveit

    Leave Your Comment Here