Loading Content..

Elevar frå Læring i Næring 2020 i jobb

Startsskotet for Læring i Næring 2020 gjekk den 16. september då Suldal Vekst var på besøk hjå 9. klasse ved Sand skule for å starte det årlege rekrutteringsprosjektet. Heile 24 verksemder var deltok i årets prosjekt, med nokre tilpassing og digitale løysingar for å sikre smittevern. Elevane har no skrive søknad, vore på intervju og fleire har fått jobb eller er i ein tilsettingsprosess. Dette er ein spanande fase både for elevar og bedrifter.

Læring i Næring er eit prosjekt med fokus på langsiktig rekruttering og synleggjering av lokale arbeidsplassar. Gjennom eit samarbeid med 9. klasse ved Sand ungdomsskule og næringslivet får elevane kjennskap til søknadsprosess, bedriftsbesøk, jobbintervju og ein mogleg arbeidskontrakt og attest. Alt arbeid skjer utanom skuletid.

Les meir om Læring i Næring og sjå presentasjonane av årets verksemder her.

    Leave Your Comment Here