Loading Content..

Nokre gode råd

Menneske i prat. © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Er ideen din god nok? Kan det bli ei levedyktig bedrift av dette? Vil den bli lønnsam? Kva selskapsform bør du etablere? Treng du hjelp frå andre, og i tilfelle kven? Vår målsetting er å hjelpe deg i gong med di bedriftsetablering. Her å nokre gode råd for å komma i gong.

Motivasjon:
Grunnen til at du startar for deg sjølve kan vere avgjerande for suksessen. Det fins mange vegar til suksess, men motivasjonen bak engasjementet er avgjerande for å lykkast!

Lag ein plan:
Med ein forretningsplan blir det klarare for deg og for andre kva som skal gjerast, og kva som trengst for å få bedrifta opp på beina. Grundig tanke- og papirarbeid i førekant er veldig viktig.

Forretningsplanen må innehalde:
1. Forretningsideen: Kva du skal gjere og kvifor du gjer det. Kva behov og forventningar skal ditt produkt/ teneste dekke?

2. Økonomi: Kva risiko er du villig til å ta? Kor mange pengar kan du eller vil du satse? Kvar kan du skaffe pengane?  Sett opp realistiske budsjett. Ikkje bland privat – og firmaøkonomi.

3. Produktet: Kva gjer produktet/ tenesta di unik og mogleg å selje?

4. Marknaden: Beskriv målgruppa, og analyser marknaden. Kvar skal du satse og kven skal du selje til? Kven er konkurrentane dine?

5. Organisasjonen: Skal du jobbe aleine eller med andre? Kartlegg nettverket ditt. Ver tydeleg på fordeler og svakheitar. Kva kan du sjølv, og kva treng du hjelp til?

6. Gjennomføringa: Tenk gjennom i detalj kva du vil skal skje. Utfordringa er ideane og så alt arbeidet som skal til for å foredle ideane til levedyktige bedrifter. Ideen har du! Som ein av 4o næringshagar i Norge hjelper me deg med lokalar og rådgiving, bidrar til å skape ei klynge av bedrifter, utviklar kompetanse, deltar i marknadsutvikling, kjenner FoU-miljø og koplar din ide med kapital.

    Leave Your Comment Here