Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Er du klar for å satse internasjonalt?

30 april @ 10:00 15:00

Det er mange spørsmål bedrifter må ta stilling til før dei satsar internasjonalt. Spørsmåla kan vere påvirka av kultur, reguleringar og handelsreglar, samt marknadstrendar i målmarknaden. Internasjonalisering opnar for nye marknadar, moglegheiter og ikkje minst utfordringar enn om du berre opererer i Norge.

Me inviterer til workhop med Innovasjon Norge, der du får høve til å jobbe med selskapet ditt sitt internasjonale vekstprosjekt. Workshopen krev nokre førebuingar før oppstart, og det vert lagt opp til konsentrert jobbing under samlinga. Mykje av arbeidet gjer du sjølve, samstundes som me vil hjelpe deg og trekkje inn ekspertar frå vårt Eksportsenter og våre 34 kontor i 30 land om det er behov for det. Det vert lagt opp til oppfølgings samtale/møte etter workshopen med Innovasjon Norge/ Suldal Vekst.
Etter workshopen vil du ha eit klarare bilete av marknaden din, samt ha skissert ein plan for korleis du skal gå fram på satsinga di internasjonalt.

Føremålet er at du får:

  • Kartlagt om marknaden kan vere aktuell for produktet eller tenesta di.
  • Laga ein forretningsmodell som også kan brukast som metodeverktøy for å vurdere andre marknadar.
  • Laga ein plan og sett opp tiltak for vegen vidare og ein god marknadsintroduksjon.

Innovasjon Norge og Suldal Vekst vil kunne bidra etter workshopen for vidare strategi mot internasjonalisering.

Påmeldingsfrist:  Fredag 19 April. Arrangementet er gratis.

Stad: Suldal Vekst ved Næringsparken på Garaneset, Sand