Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

GRUNDERAKADEMIET: NYTT PROGRAM FOR ETABLERARAR I HJELMELAND, SULDAL OG SAUDA

25 november @ 17:00 19:30

I samarbeid med Hjelmeland, Suldal og Sauda kommunar startar me opp Gründerakademiet for deg som er i gang med eller tenkjer på å starte bedrift!Du er med på 6 samlingar, fysiske og digitale, der du arbeidar med ditt prosjekt og di bedrift, får fagleg påfyll og jobbar ilag med andre etablerarar. Du får også tilgang til ein webportal der du gjer oppgåver knytt til oppstart og etablering.Interessert?
Ta kontakt med oss på epost post@suldalvekst.no eller tlf 41448627.

For kven?

Programmet er retta mot deg som er:
gründer i ide- plan- eller oppstartsfase eller har etablert bedrift i løpet av dei siste 2 åra, og treng fagleg påfyll for å komme vidare.

Innhald:

2 helgesamlingar a 2 dagar (Fredag 17:00-20:00 – Lørdag 09:00-14:00)
•25. – 26. november – oppstart
•20. – 21. januar – avsluttande samling

2 samlingar heildag (09:00 – 15:00)
•6. desember
•3. januar

2 digitale kveldar (17:30-19:30)
•8. desember
•5. januar

Samling 1: 25. – 26. november (helg)
Drivkraft & ambisjon, kunde & marknad, produkt, inntening

Samling 2: 6. desember (dag) og 8. desember (digital kveld)
Kundereisa, prosess & aktivitet i verksemda, historieforteljing, marknadsføring, produktkalkylar & kostnader

Samling 3: 3. januar (dag) og 5. januar (digital kveld)
Budsjett & økonomi, bank, finansiering, verkemiddelapparat, handlingsplan

Samling 4: 20. – 21. januar (helg)
Pitch, strategi og styring, oppsummering og vegen vidare

NB! PITCHEKONKURRANSE med penge- og rådgivingspremie!

Kva kostar det?

Programmet er delfinansiert av Hjelmeland, Sauda og Suldal kommune.
Eigenandel for deltaking er på kr. 4.500,-.
Dette inkluderer alle samlingane, matservering
og individuell oppfølging 6 timar.
Evnt kostnader for overnatting kjem i tillegg.

Kor mykje tid må eg setje av?

Du må vere motivert og viljug til å investere eiga tid til både deltaking på alle samlingane og arbeid mellom samlingane.

Ditt bidrag:
Energi – motivasjon – vilje – arbeidslyst

Kva får du ut av Gründerakademiet?

Du lærer gjennom å gjere!
Du får tilgang til ei digital plattform der du jobbar konkret med di bedrift og ditt prosjekt!
Du er med på 4 temasamlingar, både fysiske og digitale samlingar.
Du får individuell oppfølging gjennom deltakinga.

Kriterier for å bli med?

Du må vere busett og ønskje å drive bedrift i ein av følgjande kommunar: Hjelmeland, Sauda og Suldal.
Du forpliktar deg til å følgje programmet gjennom heile kursperioden.
Du har ein ide eller ei bedrift du ønskjer å realisere.
Dersom det er ledige plassar blir det opna for deltakarar frå andre kommunar, med ein eigenandel på kr 9.000,-.

Greit å vite før oppstart….

Du treng eigen pc.
Heimearbeid inngår i Gründerakademiet.
Deltaking må betalast før oppstart.

Påmeldingsfrist

Snarast og innan 15. November 2022
Først til mølla prinsipp og bindande påmelding.