Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Kurs i søkemotoroptimalisering

18 september, 2019 @ 09:00 15:00

Søkemotoroptimalisering er ein strategi for å overbevise søkjemotorane om at dine nettsider er dei mest relevante. Kundane dine googlar – men er du synleg? Meld deg på kurs og lær deg korleis du blir synleg på nett?

Visste du at mest all trafikk til nettsidene dine kjem frå Google? Førstesida til Google har ti plassar. Skal di nettside bli klikka på, bør du helst vere på framsida, og for å hamne der treng du innsikt i korleis søkemotoroptimalisering fungerer. SEO handlar om å komme så høgt opp på den lista som mogleg, slik at dei som søkjer etter det du har å tilby finn nettopp deg, før dei finn konkurrentane dine. Google har 200 +++ algoritmar eller reknereglar for kva innhald dei skal vise første i søkeresultatet.

Kurset blir holdt av Synlighet og her lærer du meir om desse algoritmane, korleis du må jobbe med teknisk SEO og korleis du må tenkje søkjeordstrategi når du byggjer innhald og struktur på nettsida di. Design er viktig, men like viktig er kvalitet på tekstane. Du vil få tips om korleis tekst slik at brukarane og kundane blir nøgde og har nytte av å lese tekstane dine.

PRIS OG KURSSTAD:

Pris inkluderer kursmateriell, lunsj og frukt

Ordinær pris:     2590,-

For målbedrifter i næringshageprogrammet: Kr 1295,-

Meld deg på ved å sende ein epost til post@suldalvekst.no eller send SMS til 97775757