Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Læring i Næring 2019-2020

28 august, 2019 @ 10:30 12:30

Lokal rekruttering for  framtida –
Læring i Næring skal vera med på å gi ungdom kjennskap til lokalt næringsliv og ulike yrkesretningar, og gjerne danne grunnlaget for utdanningsval.

Vil di bedrift vil vere med oss på Læring i Næring- prosjekt mot 9. trinn?
Ungdommane møter næringslivet, og lærer i praksis korleis ein skal skrive ein søknad, delta på bedriftsbesøk, gjennomføre eit jobbintervju og kanskje få tilbod om sin første jobb. Ungdommane som evt. får arbeid skal jobbe 37, 5t i løpet av skuleåret 2019-2020. Dette skal skje utanom skuletid, som t.d. helger og feriar og ettermiddagar. Arbeidet er lønna og ungdommen blir tilsett i bedrifta.

Det vil bli oppstarts- og informasjonsdag på Sand skule onsdag, 28. august kl 1145 og på Nesflaten skule 5. september (kjem tilbake til klokkeslett), der bedriftene som er med kan være med å synleggjere sine bedrifter og rekruttere læreviljuge ungdommar! Bedriftene som er med vil få presentere seg og så blir det stand der ein rekrutterer interesserte ungdommar.

Ta kontakt med oss på post@suldalvekst.no eller tlf. 90684861. Me har framleis plass til fleire bedrifter!