Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Gult belte i Lean – Sertifiseringskurs.

19 februar, 2020 @ 08:00 20 februar, 2020 @ 09:00

Suldal Vekst i samarbeid med Samarbeidsutvikling tilbyr deg å delta på Gult Belte Sertifiseringskurs i Lean.
Kurset gir kunnskap om kva Lean er. Det gir moglegheit til å omskapa kunnskap for endringar. Endringar som er nødvendig til å lykkast i framtida.

Etter kursa skal deltakarane kunna leia og bidra til små betringar som gir denne endringa.

Gjennom kurset vil du få ei innføring i kva LEAN handlar om og korleis nytta LEAN i arbeidsdagen din.

Etter endt kurs, vil du motta kompetansebevis på gjennomført
LEAN Grunnutdanning.

Kurset passar for deg som:
– Ønsker å få ei forståing kva LEAN er.
– Ønsker å starte opp LEAN i bedrifta di.
– Er i gang med LEAN innføring i bedrifta.

Målgruppe

  • Krev ingen forkunnskaper om Lean, men med ønske om å arbeida med betringsarbeid.
  • Alle bedrifter som planlegg Lean implementering.
  • For bedrifter og underleverandørar som har eitt samarbeid.
  • Eit ønske om å auka kunnskapen om Lean.
  • For dykk som allereie er i gang men treng ny inspirasjon.

Innhaldet i kurset

  • Få innføring i Lean som strategisk verkemiddel for å forsterka konkurranse-kraft, lønnsemd, kulturutvikling og attraktivitet.
  • Kva er sløsing og korleis bevisstgjera tapskilder og ta tak i desse.
  • Lære dei 5 grunnleggande Lean prinsippa.
  • Innføring i kjente Lean verktøy.
  • Korleis nytta Lean i praksis og korleis starta opp.
  • Systematisk problemløysing og tilbakemelding.
  • Fleire praktiske øvingar som understrekar korleis vi skal fjerne sløsing og læra kva Lean er.

Dag 1 9:00-16:00
Dag 2 8:00-15:00

Kurset går over 2 dagar og blir tilpassa deltakarar og bransjar dei representerer.
– Inklusiv lunsj servering
– Kursmateriell inkludert.

Gjennom Suldal Vekst, kan vi tilby følgjande spesialpriser:
– Spesialtilbud målbedrifter: 2500,-
– Ikkje medlemmer: 5000,-
Normalpris for Gult belte sertifiseringskurs i LEAN er 8900,-