Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Lunsjwebinar: Møt New Kaupang og vår nye kommunedirektør

3 februar, 2021 @ 10:00 11:00

Velkommen til Lunsjwebinar på TEAMS – onsdag 3. februar 2021, kl 10:00-11:00.

Ketil Barkved frå New Kaupang deltar for å gi siste nytt og særs aktuelle oppdateringar om etableringar rundt kraftkrevjande industri i Ryfylke. Her informerer han også om moglegheiter for lokalt og regionalt næringsliv.

Me møter den nye kommunedirektøren i Suldal, Karin Dokken Austvik, og får hennar refleksjonar rundt kva som skal til for å styrke både kommunane og bedriftene si verdiskaping framover.

Frå Suldal Vekst si side vil det bli informasjon om våre aktivitetar framover som mellom anna lansering av mentorordninga vår, arenaer for nettverk og kompetansepåfyll, aktuelle støtteordningar, kva skjer i næringshageprogrammet i 2021, og kva moglegheiter gir dette målbedriftene våre.

Lenke til møtet får du ved å trykke her.