Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Nexans møter næringslivet

2 april @ 13:00 16:00

Nexans er leverandør til Statnett/NSL-prosjektet for å produsere og installere kraftkabelen over Suldalsvatnet og opp Eiadalen våren 2020. Nexans er no i gang med detaljplanlegging for operasjonen, som startar i mars/april 2020 og varer til september same år. På det meste vil det vere om lag 100 personar i arbeid i området. Nexans vil ha behov for assistanse på fleire område; entreprenør, stillas, rigging, sveising/platearbeid, transport, elektrikartenester, snekring, sikring, vakthald, kranar, bespisning, reinhald, avfallshandtering, brakker, etc .

I denne samanhengen ønskjer Nexans å knytte kontaktar med lokale leverandørar som kan hjelpe Nexans i Suldal, og inviterer til leverandørsamling.

Det blir orientering om prosjektet og kva Nexans treng hjelp til. Det blir høve til enkeltsamtalar med aktuelle leverandørar om ønskjeleg.

Les meir om Nexans her: www.nexans.no

Les meir om NSL  prosjektet her: http://northsealink.com/no/

Stad: Ryfylke Fjordhotel, Sand

Påmelding til post@suldalvekst.no eller SMS til 97775757 innan 15. mars. Arrangementet er gratis!