Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

OPPLEVINGSKURS OG VEKSTPROGRAM FOR REISELIVSBEDRIFTER

28 november, 2019 @ 12:00 29 november, 2019 @ 14:00

I samarbeid med Rogaland Fylkeskommune og Innovasjon Norge inviterer Næringshagane i Rogaland til VekstProgram for opplevings- og reiselivsnæringa – eit berekraftig utviklingsprogram for små og mellomstore opplevings- og reiselivsbedrifter i Ryfylke og på Haugalandet.

MÅL FOR PROGRAMMET

Som deltakar lærer du nye og spennande måtar å jobbe med innovasjon og produktutvikling på, der prinsipp for berekraftig reiseliv er viktig del av utviklingsprosessen. Du får mange praktiske verktøy for å utvikle heilskaplege, meiningsfylte og lønnsame opplevingar i eiga bedrift. Kva er trendane og drivkreftene i opplevingsøkonomien og berekraftige opplevingar? Kva skal til for at nettopp di bedrift blir attraktiv for lønnsame gjester?

KVEN PASSAR PROGRAMMET FOR?

Leiar eller mellomleiar i små og mellomstore opplevings- og reiselivsbedrifter med heilårsdrift eller som har ambisjonar om tilbod heile året. Det er mogleg å vere 2 deltakarar frå kvar bedrift.

GJENNOMFØRING

Programmet går over 4 samlingar i perioden november 2019 – april 2020. Kvar samling går over eit døgn, frå lunsj til lunsj og inkluderer OPPLEVINGSKURSET. Programmet blir gjennomført som førelesningar, gruppearbeid og arbeid med eiga bedrift. Me har henta inn fleire ekspertar på opplevingsøkonomien, m.a. Pål Medhus, som gjennomfører opplevingskurset. Pål blei i 2016 heidra som 1 av 10 pionerar innan opplevingsutvikling i Norge.

Per Gunnar Hettervik kjem også og har mange års erfaring frå reisemålsutvikling, utvikling og drift av eiga reiselivsbedrift og har jobba med opplevingsøkonomien i mange år i NCE Tourism.

PRAKTISK – NÅR OG KOR?

Max 20 deltakarar – første mann til mølla!

  1. samling, 28-29.november – Haugesund
  2. samling, januar – Suldal
  3. samling, mars 2020 – Vindafjord
  4. samling, april 2020 – Suldal/Sauda

KVA KOSTAR DET?

Programmet har ein eigenandel på kr 5000,-. Kostnader til overnatting kjem i tillegg.

KONTAKTINFORMASJON OG PÅMELDING

For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med næringshagen din eller meld deg på HER