Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Reisemål Ryfylke inviterer til kurs i «Attraktive pakkar for cruisegjester

13 februar, 2020 @ 11:00 14 februar, 2020 @ 13:00

I samband med prosjektet «Expedition Ryfylke», inviterer destinasjonsselskapet til kompetansepåfyll og kurs for å tiltrekkje seg gjester som kjem sjøvegen til Ryfylke.

Kven passar kurset for?

Kurset er aktuelt for bedrifter som arbeidar med cruise, eller har produkt som kan utviklast og pakketerast til cruisegjestene. Kurset er også aktuelt for kommunane som skal ta imot gjester.

Om kurset: Ein cruisegjest kjem på besøk i ein kortare periode. Difor må ein tenkje anleis rundt pakking og tilbod. På dette kurset lærer du korleis, og får kunnskap og tips om korleis di bedrift kan setja saman gode og attraktive pakkar. Kurset er levert av Innovasjon Norge, og du kan lese meir her:

Gjennomføring

Kurset går over to samlingar. Den første samlinga er frå lunsj til lunsj, og den andre varer ein dag. Bedriftene kan få indiviuell rådgiving både mellom samlingane og i ettertid.

Praktisk informasjon

Dato: 12-13. februar lunsj/lunsj + 1 dag

Pris: 1200 NOK for medlemmer i Reisemål Ryfylke, 1500 NOK for ikkje-medlemmer

Prisen inkluderer: Kursavgift, overnatting i enkeltrom på Preikestolen Fjellstove, konferanse 2 dagar m/kaffe, te og forfriskingar, lunsj og middag.

PÅMELDING SKJER PÅ EPOST TIL info@ryfylke.com innan 1. februar.