Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

  • Denne hending er over.

Workshop – Robotikk og smarte sensorer

5 februar, 2020 @ 08:30 16:00

Kva er eigentleg ein robot og autonom transport? Kva for moglegheiter ligg i å bruka smarte sensorar? Korleis kan eg nytten denne teknologien i mi bedrift?
Me inviterar til Workshop med Robotar, autonome transportmiddel og smarte sensorar! Her får du moglegheit til å sjå på kva denne nye tekonolgien kan brukast til. Det blir ein teoretisk del, og ein praktisk del med programmering og bruk!

Me får besøk av Mechatronics Innovation Lab AS (MIL) som har lasta opp bilen og hengaren med robotar, autonome transportmiddel og andre sensorar.
Robotane er er! Det blir ei unik moglegheit til å bli kjent med teknologien!!

Målet er at etter gjennomførd workshop skal du vera i betre stand til å sjå nytteverdien av ulike robotløysingar og sensorteknologiar, og ikkje minst sjå moglegheiter i eigen produksjon. Workshopen gir deltakar innsikt i nyaste robotteknologiar, skilnadene deira og moglege bruksområde. Teknologiar frå leverandørar som ABB, Fanuc, Kuka og Nachi, teknologiar frå UR, Omron og Mir blir vist og blir brukt. Du kan vurdera korleis teknologiane kan utnyttast som eit verktøy for å auka grada av automasjon og produsera smartare.

Om Mechatronics Innovation Lab

Mechatronics Innovation Lab AS (MIL) er eit nasjonalt senter for innovasjon, pilotering og teknologi-kvalifisering innan mekatronikk og andre nærliggande fagområde. MIL er ein del av den nasjonale infrastrukturen for endring av prosessar, produkt, tenester, organisering og forretningsmodeller . Hovedeierene av MIL er Universitetet i Agder (UiA) og Norce som begge fokuserer på høgare utdanning og forsking innan mekatronikk.

Formålet til MIL er å styrka konkurranseevna til bedriftene og marknadsposisjon ved å tilby ei rekke innovasjons-tenester som i dag ikkje finnast. Vi assisterer med å redusera tid frå idè til marknad og effektivisera eksisterande produksjonsprosess. Vidare vil kundane våre kunna redusera risiko og kostnader knytt til innovasjon.

MIL rettar seg mot alle næringar og industriar der mekatronikk er relevant. Med teknologiane våre, ressursar og partnarar bidrar vi til at bedrifter og gründerar overkjem innovasjons-barrierar som tilgang til kompetanse,testfasilitetar og teknologi.

Gjennomgår, presenterer og tester ut:

  • Nyeste innen Robot-teknologier og deres bruksområder
  • Nyeste Sensor-teknologier
  • Nyeste Instrumenterings-teknologier
    • 3D Scanning
    • Vision
    • Laser
    • I/O-Link
    • Nyeste kommunikasjonsløsninger

Samling Suldal: 05.02.2019

  • 0830 – 1200 WS Robotikk og AIV
  • 1200 – 1230 Lunch
  • 1230 – 1500 WS Smart Sensor
  • 1500 – 1530 Felles oppsummering og nye muligheter

For målbedrifter/medlemmer = 2000,-
ikke medlemmer kroner = 3000,-

(Begrenset antall plasser)

Har du ikkje moglegheit å delta den 5/2-2019, så blir kurset arrangert òg hos Medvind 24 Næringshage i Ølen den 4/2-2019 LINK TIL ØLEN den 4/2-2019

Suldal Vekst AS