Loading Content..

Lastar Hendingar

« Alle Hendingar

Seminar: Lokalmat og reiseliv

26 oktober, 2021 @ 18:00 20:30

Samspelet mellom lokalmat og reiseliv blir meir og meir viktig i ei tid der gjestene våre er på leit etter dei unike og kortreiste smaksopplevingane.

Med mange spanande satsingar innanfor dette området i Suldal ønskjer me å invitere til eit felles seminar på TræGården tysdag 26.oktober kl 18:00. Her får me presentasjonar frå ulike aktørar som satsar på produkt relatert til lokalmat og det vil bli felles diskusjonar. Korleis kan me styrkje samarbeidet mellom reiselivet og lokalmatnæringa? Korleis kan me styrkje Suldal som ein matdestinasjon?

Program for dagen:
– Laila Steine, Suldal Vekst: Velkommen til seminar! Moglegheiter for Suldal.
– Kjetil Widding, Siderklynga Hardanger: Utviklinga av eit sidernettverk i Hardanger.- Presentasjon av lokalmatprodusentar
– Jessica Velde, ReiseTeam: Viktigheita av lokalmattilbod i pakking av turar.
– Olav Lindseth, Energihotellet: Satsing på lokalmat og lokal drikke på Energihotellet.
– Bjørn Moe, Mo Laksegard: Satsing på lokalmat med gardsbryggeri og restaurant på Jelsa.
– Træ Gården: Ureiste råvarer frå eigen gard.- Servering av lokalmattallerken
– Diskusjon og samtale: Korleis tettare me samarbeidet mellom lokalmatprodusentar og reiselivet i Suldal? Korleis styrkjer me Suldal sin posisjon som matdestinasjon?

Tidspunkt: Tysdag 26. oktober kl 18:00
Stad: Træ Gården, Sandsbygda
Facebook-arrangement: Trykk HER.
Påmelding: Til suldal@visitsuldal.no eller 92444948 innan onsdag 20. oktober.
Arrangementet er ope for alle med interesse for tema.